Foerste moete med sjefen
FØRSTE MØTE: I fjor sommar blei det avtalt at Kongsberg Gruppen kjøper marinedivisjonen til Rolls-Royce. Først i går var alle formalitetane på plass, og i dag møter konsernsjef Geir Håøy alle tilsette på Sunnmøre, med start på Longva.
Nytt

Første møte med sjefen

135 tilsette på Longva møter sin nye sjef for første gang. Geir Håøy skal treffe alle sine nye kollegaer på Sunnmøre i dag.

02.04.2019
- Endeleg er det blitt verklegheit, seier Geir Håøy når han får ordet i ei fullstappa kantine på Longva.
Like før klokka åtte i dag var han på plass på Longva, dagen etter at Kongsberg Gruppen formelt tok over marinedivisjonen til Rolls-Royce.

- Det er to selskap som kjenner kvarandre godt. No skal vi slå kreftene saman og blir eitt, eitt Kongsberg, der Longva naturlegvis høyrer heime, sa Håøy.
Kongsberg-avdelinga på Longva lagar automasjon og kontrollsystem. Det passar godt inn i Kongsberg Gruppen si satsing på sjølvstyrte (autonome) skip.
- Det går mot meir autonome operasjonar og her kjem de inn med det de jobbar med, sa Håøy til dei tilsette.

Stoppar hos alle

Etter besøket på Longva besøkjer Håøy Brattvåg (350 tilsette), Hjørungavåg (170 tilsette), Ulsteinvik (366 tilsette) og Ålesund.
I neste veke møte tillitsvalde i den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce og leiinga for første gang etter at Kongsberg Gruppen tok overr. det For fagforeiningane blir det blir starten på den vidare prosessen med å smelte dei to selskapa saman, seier klubbleiar Kyrre Aasen Rogne i Fellesforbundet på Kongsberg Longva.
- Vi satsar på at dei vil satse her ute. Vi har ei høgteknologisk bedrift her ut i havgapet, seier han.
Ein del av det Håøy sa i sin tale til dei tilsette var kjent frå før, seier Rogne, men besøket frå toppsjefen er likevel viktig meiner han.
- Det skaper betre relasjonar, seier Rogne.

Dobbelt så stort

Etter kjøpet av marinedivisjonen til Rolls-Royce har marinedivisjonen til Kongsberg Gruppen blitt dobbelt så stor og er det største forretningsområdet til Kongsberg Gruppen.
Marindivisjonen til saman 15,5 milliardar kroner i driftsinntekter og cirka 7000 tilsette. Heile konsernet har 22 milliardar i driftsinntekter og 11.000 tilsette.
May-Iren Skarbø Giske og Semere Gebru, saman med 350 andre kollegaer i Brattvåg møtte den nye sjefen i ein festpynta fabrikkhall og eiga scene. Ho arbeider med adminstrasjon av montørar i ettermarknaden, han som ingeniør.
- Det blir veldig spennande å kome inn i eit norsk selskap, seier Skarbø Giske.
- Eg tenkjer vi får fleire moglegheiter i ei større bedrift, seier Gebru.

Håpar på investeringar

Plassjef Dag Skarbø i Ulsteinvik er godt nøgd med eigarskiftet.
- Vi får ein eigar som vi eige, ikkje selje.
Nå håpar har på investeringar.
- Dei siste tre åra har det vore trang med investeringar på det norske området, seier han.
Vi satsar på at dei vil satse her ute. Vi har ei høgteknologisk bedrift her ut i havgapet

Publisert: 02.04.2019 08:39

Sist oppdatert: 30.04.2024 08:09