Havyard Group opplyser i måndag at skipsbyggingskontrakten er overtatt av Kleven.
Havyard Group har store økonomiske problem, og 7. februar i år inngjekk selskapet avtale med Kleven om å ferdigstille ein PSV til den kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping.
Skipet vart opphavleg tinga i 2014 av islandske Fafnir Offshore, men avtalen vart utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017.
Etterpå har det kanadiske reiarlaget overtatt kontrakten på skipet, men det har blitt store forseinkingar med ferdiggjering ved Havyard-verftet i Leirvik.
No blir både skrog- og skipsbyggingskontrakt overdratt til Kleven, som i tillegg har inngått ny kontrakt med reiarlaget.
- Vi kjem likevel til å samarbeide tett med Havyard, fordi dei har fleire leveransar til prosjektet. Skipet passar veldig bra inn i porteføljen til Kleven, og dette er ei veldig god nyheit for verftet, seier Bollestad.
Kontrakten blir Kleven si fyrste innan offshoresegmentet sidan AHTS-serien for Maersk i oktober 2014, og det fyrste byggjelånet sidan kontraktane med Hurtigruten i juni 2016. Dette viser at samarbeidet med Kleven sin nye eigar allereie ber frukter, blir det opplyst.
- Både byggjelån og kontrakt er på plass, og det betyr at arbeidet med PSV’en no kan starte for fullt.
- Kontrakten sikrar at vi held vår dyktige arbeidsstokk med arbeid framover, noko som betyr enormt mykje for oss, seier Bollestad.
- Dette er vår fyrste kontrakt etter at vi fekk ny verftseigar, og vi på Kleven gler oss til å vise at vi framleis er blant verdas beste verft også når det gjeld bygging av offshorefartøy.
- Kleven er opptekne av å sikre tryggast mogeleg arbeidsforhold for alle, og følger alle råd og retningslinjer frå nasjonale og lokale myndigheiter for å handtere koronasituasjonen, i tillegg til eigne tiltak tilpassa verftet. På den måten vil produksjonen på Kleven gå så forsvarleg for seg som mogeleg framover.
Skipet har eit Havyard 833 design levert av Havyard Design & Solutions. Norwegian Electric Systems leverer energisystem, inkludert batteriløysingar og kontrollsystem.
Atlantic Towing Ltd er eit dotterselskap av kanadiske JD Irwing Ltd. Overlevering til kunden er planlagt i løpet av hausten 2020, opplyser Kleven.
Havyard Group har store økonomiske problem, og 7. februar i år inngjekk selskapet avtale med Kleven om å ferdigstille ein PSV til den kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping.
Skipet vart opphavleg tinga i 2014 av islandske Fafnir Offshore, men avtalen vart utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017.
Etterpå har det kanadiske reiarlaget overtatt kontrakten på skipet, men det har blitt store forseinkingar med ferdiggjering ved Havyard-verftet i Leirvik.
No blir både skrog- og skipsbyggingskontrakt overdratt til Kleven, som i tillegg har inngått ny kontrakt med reiarlaget.
- Veldig god nyheit
I ei pressemelding frå Kleven opplyser adm. dir. Kjetil Bollestad at verftet har tatt over kontrakten og signert direkte med reiar for å avlaste Havyard.- Vi kjem likevel til å samarbeide tett med Havyard, fordi dei har fleire leveransar til prosjektet. Skipet passar veldig bra inn i porteføljen til Kleven, og dette er ei veldig god nyheit for verftet, seier Bollestad.
Kontrakten blir Kleven si fyrste innan offshoresegmentet sidan AHTS-serien for Maersk i oktober 2014, og det fyrste byggjelånet sidan kontraktane med Hurtigruten i juni 2016. Dette viser at samarbeidet med Kleven sin nye eigar allereie ber frukter, blir det opplyst.
- Både byggjelån og kontrakt er på plass, og det betyr at arbeidet med PSV’en no kan starte for fullt.
- Kontrakten sikrar at vi held vår dyktige arbeidsstokk med arbeid framover, noko som betyr enormt mykje for oss, seier Bollestad.
- Dette er vår fyrste kontrakt etter at vi fekk ny verftseigar, og vi på Kleven gler oss til å vise at vi framleis er blant verdas beste verft også når det gjeld bygging av offshorefartøy.
- Så forsvarleg som mogleg
Bollestad opplyser at det er ei ekstremt krevjande og usikker tid for alle på grunn av koronapandemien, men per i dag held drifta ved verftet fram.- Kleven er opptekne av å sikre tryggast mogeleg arbeidsforhold for alle, og følger alle råd og retningslinjer frå nasjonale og lokale myndigheiter for å handtere koronasituasjonen, i tillegg til eigne tiltak tilpassa verftet. På den måten vil produksjonen på Kleven gå så forsvarleg for seg som mogeleg framover.
Skipet har eit Havyard 833 design levert av Havyard Design & Solutions. Norwegian Electric Systems leverer energisystem, inkludert batteriløysingar og kontrollsystem.
Innreidd for 50 personar
PSV’en som Kleven skal bygge er energieffektiv og har stor lastekapasitet. Den har 1000 kvadratmeter arbeidsdekk og innreiing for 50 personar. PSV’en vil mellom anna få isklasse ICE-1B for operasjon i kalde farvatn, og ein 650 kW batteripakke vil sørge for lavt dieselforbruk.Atlantic Towing Ltd er eit dotterselskap av kanadiske JD Irwing Ltd. Overlevering til kunden er planlagt i løpet av hausten 2020, opplyser Kleven.
Både byggjelån og kontrakt er på plass, og det betyr at arbeidet med PSV’en no kan starte for fullt
Publisert: 23.03.2020 17:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54