Foerste tomtesal nesten i boks
TIL SALS: Krattskogen minner og at det er seld få hyttetomter i dette hyttefeltet på Bondalseidet dei 10 siste åra, men no har banken starta salet etter at utbyggingsselskapet gjekk konkurs.
Nytt

Første tomtesal nesten i boks

Berre formalitetane står att før Sparebank 1 Søre Sunnmøre har seld si første hyttetomt på Bondalseidet i Ørsta.

14.08.2019
Banken tok over hytteprosjektet ved skianlegget i Ørsta då Bondalseidet Hytteutvikling gjekk konkurs i 2017. Selskapet hadde 9,1 millionar kroner i gjeld og banken var største långivar.

Bondalseidet Hytteutvikling hadde gjort storparten av infrastrukturinvesteringane rett før selskapet fekk finanskrisa i fleisen i 2008/2009.
Då stoppa salet.
Deretter opna Kvivsvegen og gjorde at potensielle kundar på ytre søre Sunnmøre fekk Stryn og Hornindal som attraktive alternativ til å byggje seg fritidshus og berre nokre få tomter er selde dei siste åra.

20 tomter

Etter å ha kjøpt grunneigarane ut av avtalar om overskotdeling er banken no i gang med salet.

For omlag 20 tomter rett ved skibakken på Bondalseidet er salet i gang. Prisen for kvar tomt er frå 360.000 kroner og ned mot 300.000 - avhengig av storleik.
Bondalseidet ligg mellom Ørsta og Sæbø og er delt av riksvegen over eidet. På motsett side av riksvegen enn skianlegget ligg hadde Bondalseidet Hytteutvikling eit hyttefelt med 21 tomter under utbygging.
Det området vil banken selje til ein kjøpar som kan gjere ferdig infrastrukturen og utvikle feltet for sal, seier Roy Henning Haddal som er leiar for spesielle engasjement i banken. I tillegg til dei 21 tomtene som ikkje er seld er det 11 selde tomter i feltet.

Slapp tap

Bondalseidet er den andre hytteutbygginga i Ørsta der banken har tatt over.
Etter at Standal Alpesenter på Standalseidet gjekk overende i 2016 blei banken sittande med 35 hyttetomter.
Banken vurderte først å selje heile Standal-prosjektet samla, men kom til at det kunne gi eit tap på 5-6 millionar kroner, og valde heller å stå for salet sjølv. Prisen vart sett til 300.000 kroner pr. tomt. Så langt er 28 tomter selde. Når resten er seld vil banken ha kome ut av prosjektet utan tap, i følgje Haddal.

Publisert: 14.08.2019 14:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38