Nytt
Første underskot på ti år for surfekonsern
Surfing og reising har vore god butikk for Stad-bedrifta. Inntil i fjor.
Marius Rosbach
15.10.2020
Lapoint Travels i Hoddevik har dei siste åra gjort god butikk på å arrangere camp-opphald for surfarar, yogaentusiastar og studentar frå basen på Stadlandet.
Dei siste åra har inntektene auka betydeleg, og 2019 enda med ny rekordomsetning med drygt 62 millionar kroner. Men fjoråret ga også det første underskotet på ti år med eit minusresultat på 1,5 millionar før skatt (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Eigenkapitalen var ved utløpet av 2019 på 6,3 millionar, medan gjelda var på 26,5 millionar kroner.
I Hoddevik har dei kring 30 sengeplassar i to villaer – Innsikten og Utsikten, ifølgje heimesida deira.
Storparten av omsetninga kjem frå gruppereiser til mellom anna Costa Rica, Portugal og Sri Lanka med eigne pakkar og kurs for grupper på tur. Dei har også dotterselskap i desse landa, og opna nyleg ein ny campstad på Fuerteventura.
Dei har både bemanna ned og permittert tilsette, i tillegg til at dei ha fått statleg kriselån for å betre likviditeten. I gjennomsnitt hadde dei 40 årsverk i fjor, inkludert innleigd personell.
Selskapet har også fått drygt 700.000 kroner i støtte via kompensasjonsordninga for bedrifter med inntektssvikt som følgje av koronapandemien.
Tidlegare i år blei også Lapoint Holding AS oppretta, med adresse i Drøbak.
Dei siste åra har inntektene auka betydeleg, og 2019 enda med ny rekordomsetning med drygt 62 millionar kroner. Men fjoråret ga også det første underskotet på ti år med eit minusresultat på 1,5 millionar før skatt (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Eigenkapitalen var ved utløpet av 2019 på 6,3 millionar, medan gjelda var på 26,5 millionar kroner.
Tener mest på utanlandsreiser
Selskapet blei starta i 2005 av surfarar som ville gi andre gode opplevingar med surf og camplivet.I Hoddevik har dei kring 30 sengeplassar i to villaer – Innsikten og Utsikten, ifølgje heimesida deira.
Storparten av omsetninga kjem frå gruppereiser til mellom anna Costa Rica, Portugal og Sri Lanka med eigne pakkar og kurs for grupper på tur. Dei har også dotterselskap i desse landa, og opna nyleg ein ny campstad på Fuerteventura.
Færre tilsette og statleg kriselån
Koronapandemien har råka selskapet hardt i år, går det fram av for 2019.Dei har både bemanna ned og permittert tilsette, i tillegg til at dei ha fått statleg kriselån for å betre likviditeten. I gjennomsnitt hadde dei 40 årsverk i fjor, inkludert innleigd personell.
Selskapet har også fått drygt 700.000 kroner i støtte via kompensasjonsordninga for bedrifter med inntektssvikt som følgje av koronapandemien.
Fleire eigarar
Dei største eigarane er Alexandre S.Grilo Feo Torres, Hans Göran Sivertsson, Peter Hanssen og Sebastian C Kjellström – som også er styreleiar. Desse fire eig i underkant av ein femdel kvar av aksjane.Tidlegare i år blei også Lapoint Holding AS oppretta, med adresse i Drøbak.
Les også:
Publisert: 15.10.2020 11:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03