Gaar saman for aa hjelpe naeringslivet
NORDFJORD: Leiar i Nordfjordrådet, Stad-ordførar Alfred Bjørlo.
Nytt

Går saman for å hjelpe næringslivet

Fem kommunar i Nordfjord etablerer beredskapsteam for næringslivet i samarbeid med NAV og Visit Nordfjord.

24.03.2020
- Korona-krisa råkar oss alle og vi står overfor mange felles utfordringar i månadane framover. Dette er difor tida for felles innsats, seier Stad-ordførar og leiar i Nordfjordrådet Alfred Bjørlo (V), i ei pressemelding tysdag.
Bakgrunnene er at ordførarane i Stryn, Gloppen, Stad, Kinn og Bremanger kommune førebur å samle seg i eit felles beredskapsteam for næringslivet i Nordfjord.
Det blir vist til at næringslivet i Nordfjord står i ein svært uvanleg og krevjande situasjon som følgje av koronaviruset, med permitteringar, usikre tider og nye utfordringar.

Vil bistå næringslivet

Målet er at eit regionalt beredskapsteam skal vere på plass i løpet av få dagar, i samarbeid mellom kommunane, Visit Nordfjord og NAV. Sistnemnde spelar ei viktig rolle i arbeidet, med si oversikt over korleis krisa råkar dei ulike delane av næringslivet. NAV vil også stille ressursar til disposisjon på regionnivå for Nordfjord.
- Vi ser at næringslivet står på, tilbyr heimkøyring av varer og andre kreative løysingar for å handtere krisa på best mogleg vis. Vår jobb blir å hjelpe næringslivet på best mogleg vis gjennom denne krevjande tida, seier Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn (Sp), i pressemeldinga.
Stryn kommune er ein av dei hardast råka kommunane i Vestland når det gjeld tal permitterte.

Vil kartlegge konsekvensar

Nordfjordrådet handsama saka om Beredskapsteam måndag 23. mars, med vedtak om umiddelbar oppstart av eit forprosjekt for å bistå næringslivet i koronakrisa, og sikte på endeleg vedtak om om oppstart og organisering av eit beredskapsteam i løpet av få dagar.
Arbeidet med forprosjektet vil starte opp umiddelbart, mellom anna med ei kartlegging av konsekvensane krisa har for næringslivet i Nordfjord.
- Eg trur kunnskap og samarbeid er nøkkelen til at flest mogleg bedrifter kan opne dørene og ta tilbake dei permitterte når situasjonen normaliserar seg, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).
- Det er avgjerande at vi no handlar raskt. Kvar veke og dag tel for å få på plass nødvendige virkemiddel og tiltak som kan sikre arbeidsplassane i regionen i denne heilt spesielle situasjonen, seier Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap).

Trur på samlande effekt

Også Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) har tru på effekten av å stå samla.
- Vi kjem til å ha ei felles, tydeleg stemme frå Nordfjord i kontakt med politisk leiing, styresmakter og virkemiddelapparatet. Samla skal vi kome oss gjennom dette, seier ho i pressemeldinga.
Kvar kommune i Nordfjord vil innanfor ramma av eit felles regionalt beredskapsteam også arbeide nært saman med lokale næringsorganisasjonar for å hjelpe og bistå næringsdrivande i vekene framover.
 Vår jobb blir å hjelpe næringslivet på best mogleg vis gjennom denne krevjande tida

Publisert: 24.03.2020 11:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54