Gamle Volstad Surveyor klar for filmen
FORSKINGSYACHT: Slik ser Ocean Xplorer ut etter ombygginga ved Damen Shipyard. Innfelt Volstad Surveyor slik båten såg ut før ombygginga.
Nytt

Gamle Volstad Surveyor klar for filmen

Det tidlegare Volstad Shipping-eigde konstruksjonsskipet er klar for å utforske det indiske hav. 

08.05.2020
- Det mest avanserte forskingsfarøyet i verda.
Det fastslår det amerikanske selskapet OceanX etter at det tidlegare Volstad Shipping-skipet Volstad Surveyor er ombygd til forskingsfartøy.
Etter ei omfattande ombygging ved Damen-verftet i Nederland er skipet klar for å utforske hittil lite utforska deler av det indiske hav.

BBC-serie

Om bord er ei rekkje forskarar, i tillegg til filmteam frå BBC Studios og National Geographic, opplyser
Om bord er det også installert eit eige filmstudio, der det blant anna skal spelast inn ei ny BBC-serie i regi av James Cameron.

Miste kontrakt

Det var naturfilmprodusenten Alucia Productions i New York som kjøpte Volstad Surveyor etter at Ålesund-reiarlaget miste ein stor kontrakt med Deep Ocean.
Volstad Shipping fekk , men valde å selje det 87,1 meter lange konstruksjonsskipet.
Skipet vart omdøypt til Alucia 2, men heiter no Ocean Xplorer.

Røkke og Tangen

Det amerikanske nonprofitselskapet har som mål å lage opplysande og inspirerande film- og tv-produksjonar om havet og står bak fleire verdskjente tv-seriar, mellom anna The Great Barrier Reef med Richard Attenborough.
Bak satsinga står den amerikanske milliardæren Ray Dalio saman med sonen Mark Dalio.
Ray Dalio er med i der medlemane har forplikta å gi meir enn halvparten av formua til veldedige formål. I denne klubben er også Kjell Inge Røkke og den påtroppande oljefondsjefen Nicolai Tangen. Dei er i lag med blant anna Mark Zuckerberg, Warren Buffet og David Rockefeller.
Volstad Surveyor var opphaveleg designa av Skipsteknisk i Ålesund, og skipet vart bygt på det spanske Freire-verftet i 2010.

Publisert: 08.05.2020 15:15

Sist oppdatert: 11.01.2024 22:42

Mer om