Ved inngangen til bærsesongen ventar samvirkeselskapet Gartnerhallen av bærbøndene ikkje vil klare å levere like mykje som i fjor. Gartnerhallen rådde alle bærbøndene til å plante og planlegge for minst like stor produksjon i år som i fjor, men trur mangel på arbeidskraft gjer at ikkje alle vil klare å haust like mykje som i 2019, ifølgje organisasjonssjef Arve Gladheim i Gartnerhallen.
Redusert produksjon slår normalt ut i høgare prisar. Dei som klarer å oppretthalde produksjonen kan dermed rekne med større inntekter, men ikkje nødvendigvis betre lønsemd. Grunnen er smitteverntiltaka, som fordyrar innhaustinga, ifølgje Gladhaug.
Begge selskapa har hatt sterk vekst dei siste åra og begge selskapa har tidlegare i år anslått ein produksjon i år på line med 2019.
Valldal Grønt auka frå under 10 millionar kroner driftsinntekter i 2013 til ein førebels topp på 24,7 millionar i 2018. I fjor var driftsinntektene 22,4 millionar kroner (sjå tabell. På mobil er tabellen nederst på sida).
Innvik Fruktlager hadde omlag 30 millionar kroner i driftsinntekter i 2012 og 2013. I fjor nådde dei 55,8 millionar kroner.
Redusert produksjon slår normalt ut i høgare prisar. Dei som klarer å oppretthalde produksjonen kan dermed rekne med større inntekter, men ikkje nødvendigvis betre lønsemd. Grunnen er smitteverntiltaka, som fordyrar innhaustinga, ifølgje Gladhaug.
Full produksjon
Nordvestlandet har to selskap som tek mot og distribuerer bær- og fruktproduksjon, Valldal Grønt i Valldal og Innvik Fruktlager i Innvik i Nordfjord. Valldal Grønt er eit produsenteigd aksjeselskap, Innvik Fruktlager er eit samvirkeselskap frå frukt- og bærbøndene. I Valldal er jordbær hovudproduktet, i Innvik er bringebær viktig.Begge selskapa har hatt sterk vekst dei siste åra og begge selskapa har tidlegare i år anslått ein produksjon i år på line med 2019.
Valldal Grønt auka frå under 10 millionar kroner driftsinntekter i 2013 til ein førebels topp på 24,7 millionar i 2018. I fjor var driftsinntektene 22,4 millionar kroner (sjå tabell. På mobil er tabellen nederst på sida).
Innvik Fruktlager hadde omlag 30 millionar kroner i driftsinntekter i 2012 og 2013. I fjor nådde dei 55,8 millionar kroner.
Publisert: 23.06.2020 14:41
Sist oppdatert: 26.04.2021 14:28