Nytt
Geir Johan Bakke storeigar i Frøystad
Blir dagleg leiar i fiskevegnselskapet.
10.02.2020
Bakke, som nyleg gjekk av som konsernsjef i Havyard, kjøper 45 prosent av Frøystad AS og blir samstundes både dagleg leiar og styreleiar i selskapet.
Det er Per Frøystad som sel aksjar. Han eig 15 prosent av selskapet etter salet og går over i ei deltidsstilling som rådgivar. Dei andre aksjonærene er salssjef Hallgeir Frøystadvåg med 25 prosent og innkjøp- og logistikksjef Cherry He Li med 15 prosent.
Frøystad AS leverer utstyr til oppdrett og fiskeri og hadde i fjor cirka 42 millionar kroner i driftsinntekter og har 24 tilsette.
Det er ein bransje der alle vil vekse og konkurransen er tøff, der Frøystad har satsa på å finne nisjer i marknaden og skreddarsydde løysingar.
- Mitt ønske var å finne ein lokal investor og er eg veldig glad for den henvendelsen som kom (frå Bakke, red. merk.), seier Frøystad.
Før salet eigde han cirka 71 prosent i selskapet. I tillegg til at Bakke kom inn auka Hallgeir Frøystadvåg sin aksjepost fpr 19 til 25 prosent og Cherry He Li frå 10 til 15 prosent.
Partane er samde om å ikkje å ut med kjøpesummen, i følgje Frøystad.
NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med Bakke.
Det er Per Frøystad som sel aksjar. Han eig 15 prosent av selskapet etter salet og går over i ei deltidsstilling som rådgivar. Dei andre aksjonærene er salssjef Hallgeir Frøystadvåg med 25 prosent og innkjøp- og logistikksjef Cherry He Li med 15 prosent.
Frøystad AS leverer utstyr til oppdrett og fiskeri og hadde i fjor cirka 42 millionar kroner i driftsinntekter og har 24 tilsette.
Alle vil vekse
Frøystad er ein av fleire selskap som leverer garn, nøter, teiner, liner og anna utstyr til oppdrett- og fiskerinæringa.Det er ein bransje der alle vil vekse og konkurransen er tøff, der Frøystad har satsa på å finne nisjer i marknaden og skreddarsydde løysingar.
Lokal eigar
Per Frøystad seier til NETT NO at han sel av helsemessige årsaker og har han ynskte seg både eit lokalt eigarskap og eigarar som arbeider i bedrifta.- Mitt ønske var å finne ein lokal investor og er eg veldig glad for den henvendelsen som kom (frå Bakke, red. merk.), seier Frøystad.
Før salet eigde han cirka 71 prosent i selskapet. I tillegg til at Bakke kom inn auka Hallgeir Frøystadvåg sin aksjepost fpr 19 til 25 prosent og Cherry He Li frå 10 til 15 prosent.
Partane er samde om å ikkje å ut med kjøpesummen, i følgje Frøystad.
NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med Bakke.
Publisert: 10.02.2020 18:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52