Geiranger maa fortette
NYE TANKAR: Spreidd busetnad med einebustadar er ikkje løysingar om Geiranger skal bli eit heilårs-reisemål, meiner Katrin Blomvik i stiftinga Geirangerfjord verdsarv.
Nytt

Geiranger må fortette

Geiranger må tenkje fortetting for å vekse.

15.03.2016
Tett busetnad på dei få plassane det er råd å byggje og bu er løysinga for å skaffe fleire bustadar i Geiranger, meiner Katrin Blomvik, dagleg leiar i stiftinga Geirangerfjord verdsarv.
Stiftinga er oppretta for å ta vare på verdsarvstatusen Geiranger fekk saman med Nærøyfjorden i 2005. Stiftinga driv og visningsenteret Norsk Fjordsenter, som i år held heilårsope for første gang.
Det er eitt bidrag til å sikre heilårsdrift for turistbransjen i bygda, seier Blomvik.
- Vi skal ha ope sju dagar i veka, heile året, seier ho.

Må ha tak over hovudet

Dersom heilårssatsinga lukkast må fleire ha tak over hovudet. Heilårsdrift krev eit anna butilbod enn til dei som kjem for å arbeide i turistsesongen slik den er i dag.

Med ein betre og tryggare vinterveg til Eidsdal og Nordal kan bygdene der gi ei avlasting, med bustadar i grei pendleavstand, men skal sjølve Geiranger vekse må det byggast tett.
Faren for flodbølgje gjer det i dag uråd å byggje nytt lågare enn nivået Hotel Union ligg på. Faren for snøskred avgrensar og kvar det er råd å byggje høgare oppe.

Landsby

Blomvik ser for seg ein konsentrert busetnad både oppe i Ørnesvingane og også opp mot Flydal.
Ho vedgår at tanken på fortetting i Geiranger kan verke uvant, men meiner det ikkje er nokon veg utanom, sidan plassen som kan brukast til å bygge på er så avgrensa.

Må ha hjelp

Blomvik trur ikkje Geirangersamfunnet og Stranda kommune kan greie å finansiere alle tiltaka som må til for å gi grunnlag for å oppretthalde og sikre vekst for Geiranger-samfunnet, og meiner det må kome statlege midlar inn i biletet.

- Eg trur vi må få hjelp til å finne løysingar, seier Blomvik.


Publisert: 15.03.2016 11:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54