Geiranger omorganiserer
OMORGANISERT: Helle Firhøj Jensen (innfelt) er dagleg leiar i Geiranger Fjordservice, som i første omgang skal drive sal- og marknadsføringsarbeidet gjennom eit datterselskap til Geiranger Fjordservice. 
Nytt

Geiranger omorganiserer

Turistbygda får nytt selskap for bygdeutvikling, sal og marknadsføring.

09.02.2021
Geiranger-samfunnet har omorganisert arbeidet for å utvikle Geirangersamfunnet og drive sal- og marknadsføring.
Forum Geiranger skal fremje dialog og samhandling mellom reiselivsaktørane og eit nytt selskap skal etablerast for å drive sal og marknadsføring.

Geiranger Utvikling nedlagt

Det skal vere eit reint kommersielt selskap som skal selje og marknadsføre tilbod frå aktørar i Geiranger og omegn.
– Med bakgrunn i dei prosessane som er gjennomført i tilknytning til nedlegging av Geiranger Utvikling, etablering av masterplan for Geiranger, påfølgande individuell dialog og fellesmøte med næringsaktørane i Geiranger og omegn, skal det etablerast eit selskap for marknadsføring og sal av produkter og tenester på vegne av tilbydarar i og omkring Geiranger.
Det fortel Helle Firhøj Jensen, som er dagleg leiar i Geiranger Fjordservice og styreleiar i no avvikla Geiranger Utvikling - ein forløpar til det nye selskapet.

Heilårs arbeidsplassar

Jensen skal i første omgang drive sal- og marknadsføringsarbeidet gjennom eit datterselskap til Geiranger Fjordservice.
Selskapet foreslås i første fase som eit heileigd datterselskap av Geiranger Fjordservice (GFS) og skal ha sitt hovedkontor i Geiranger.
– Eitt av dei overordna måla for selskapet er å sikre lokale kompetansearbeidsplasser og heilårleg drift/bosetting i Geiranger og initiere og bidra til auka lokal verdiskaping, samt fungere som katalysator, som tilretteleggar for initiativ og utvikling, ned i eigne selskaper som har egne formål, seier Firhøj Jensen.

Les også:





Publisert: 09.02.2021 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11