Gir 20 millionar til NTNU
AVTALE: Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre og Gunnar Bovim i NTNU signere forskingsamarbeidsavtale. Banken gir inntil fem millionar kroner i året i fire år.
Nytt

Gir 20 millionar til NTNU

Sparebanken Møre finansierer forsking- og utviklingsprogram ved NTNU i fire år.

29.09.2017
NTNU skal finansierer forsking på tenester, innovasjon, entreprenørskap, finans og teknologi (forkorta til TEFT, eit forskingsområde NTNU-leiar Gunnar Bovim karakterisererer som lite forska på.
Avtalen vart signert av Bovim og administrerande direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre i dag.
Arbeidet skal foregå i ein såkalla TEFT-lab, som skal halde til på Campus-området til NTNU. Programmet blir styrt av Institutt for internasjonal forretningsdrift og Institutt for IKT og Realfag ved NTNU i Ålesund.
- Gjennom å formalisere og styrke samarbeidet gjennom TEFT-lab ønskjer vi å bidra til svært aktuell forsking og enda meir aktivitet på campus, seier Nydal i ei pressemelding. Han meiner programmet vil få fram kunnskap som er kritisk for fleire næringar framover.
Gjennom samarbeidet får NTNU finansiert nye professorat og doktorgradsstudenter, som skal bygge ekspertise på område som kunstig intelligens, maskinlæring, big data og bærekraftige forretningsmodellar.

Publisert: 29.09.2017 13:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14