Gir hydrogen litt forsprang
SKIFTE: I løpet av 2023 skal det vere ei utsleppsfri ferje som trafikkerer Geiranger-Hellesylt. Biletet er frå Geiranger ferjekai i 2013. 
Nytt

Gir hydrogen litt forsprang

Møre og Romsdal skal velje hydrogenferje på Geirangerfjorden dersom hydrogenferje-alternativet er like godt som ei rein batteriferje.

12.03.2020
Dei som vil konkurrere om å drive bil- og passasjerferja Geiranger-Hellesylt har frist til 7. mai med å levere eit tilbod, og den som får tilslaget får eineretten på ruta frå 1. mars 2022 til 28. februar 2037. Den går fram av konkurransevilkåra, som no er offentlege.
I tillegg til at ferja skal vere utsleppsfri er det to krav tilboda blir vurdert etter, lengde på sesongen (den går ikkje om vinteren i dag) og passasjerkapasitet.
Geiranger-Hellesylt er ei heilt kommersiell rute utan offentleg støtte.

Hydrogen først

I fjor fekk eit konsortium med Flakkgruppen i spissen støtte gjennom den såkalla Pilot-E-ordninga, som er oppretta for å få fram og utvikle idear innan miljøvenleg teknologi.
Målet for konsortiet er å produsere og levere hydrogen i Hellesylt. Ordninga blir finansiert av Enova, Forskningsrådet og Innovasjon Norge.
Les også:
Ei ferje driven på hydrogen vil vere ein viktig kunde for konsortiet, og i følgje dokumenta som blei lag ut i dag får hydrogen ein liten fordel:
"Dersom man etter evaluering kommer ut med to eller flere identiske tilbud, vil kontrakten tildeles den tilbyder som helt eller delvis skal bruke hydrogen som energibærer," heiter det i dokumentet.

Batteri seglar opp

Då planane om ei utsleppsfri ferje på Geirangerfjorden først dukka opp var det hydrogen som framsto som det mest realistiske alternativet, på grunn av lengda og manglande ladekapasitet i Geiranger.
Etterkvart som batterikapasitet og ladeløysingar har utvikla seg har selskapet The Fjords, som driv ruta i dag, kome til at det er råd å gå tur-retur Hellesylt og berre lade i Hellesylt.

Dersom man etter evaluering kommer ut med to eller flere identiske tilbud, vil kontrakten tildeles den tilbyder som helt eller delvis skal bruke hydrogen som energibærer

Publisert: 12.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54