Gir seg etter hjarteproblem
AKER: Frank Ove Reite slit med hjarteproblem, og gir seg som finansdirektør i Aker ASA.
Nytt

Gir seg etter hjarteproblem

Frank Ove Reite sluttar som finansdirektør i Aker ASA på grunn av hjarteproblem.

Marius Rosbach
14.06.2019
Dette opplyser Aker ASA fredag.
Svein Oskar Stoknes er tilsett som ny finansdirektør i Aker ASA, med virkning fra 1. august 2019.
Frank Ove Reite kjem frå Flusund i Herøy, men bur i Ålesund og Oslo.

Fiskeri

Han er av Kjell Inge Røkke sine mest trufaste menn, og har hatt ei rekke sentrale posisjonar i ulike Røkke-selskap i snart 20 år.
49-åringen har blant anna leia Røkke si fiskerisatsing i Norway Seafood.
Det var også fiskeri som førde romsdalsfiskaren Røkke saman med fiskarsonen frå Herøy.
Det skjedde då Reite jobba for Nordea i Seattle i 1993, der han hadde ansvaret for banken sine utlån til fiskeribransjen.
Ein av kundane var då Røkke, og i 1995 tilbaud Røkke jobb til Reite.

Held fram som styremedlem

I børsmeldinga vert det opplyst at Reite vil halde fram som styremedlem i mange Aker-relaterte selskap.
Blant anna er han styreleiar i Ocean Yield, og han er styremedlem i Solstad Offshore.
Reite er også styreleiar i Ålesund-baserte Converto, og han er inne i mange selskap gjennom sitt eige investeringsselskap Fausken Invest.

Publisert: 14.06.2019 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36