Gir seg med verft
GÅR FRÅ BORDE: Øyvind Sævik har selt verftet han har leia sidaf 2008 og eigd sidan 2010.
Nytt

Gir seg med verft

For Øyvind Sævik betyr det slutt på 8-9 år med pendling mellom Fosnavåg og Tomrefjord når han no har selt Solstrand Verft til lokale interessentar.

Administrator
13.03.2016
- No har eg pendla nok, og eg er også gammal nok til å drive med anna enn å arbeide, smiler Sævik som har leia det tradisjonsrike Tomrefjord-verftet sidan 2008.

Eigar sidan 2010

Sævik sin Solstrand-epoke starta etter at Havila AS kjøpte verftet i 2006 etter konkurs. I 2010 kom han inn på eigarsida og blei hovudaksjonær gjennom ein eigarpost på 66 prosent i Frostad Holding som igjen har eigd 65 prosent av verftet.
No er det Tomrefjord-bedrifta Rekdal Industrier, med Tore Rekdal som eineeigar, som har overteke hundre prosent av aksjane i verftet. Verken kjøpar eller seljar ønskjer å seie noko om kjøpesummen, men Sævik seier det slik:
- Eg har fått igjen det eg har lagt inn, pluss litt til. I tillegg har eg hatt inntekta, og eg føler eg kom greitt utav det.
Sævik opplyser at han har halde på over eit år med å finne kjøpar til aksjeposten sin i Solstrand Verft.

Omstrukturert

Som leiar har Øvind Sævik omstrukturert verftet til ei driftsopplegg som står i forhold til føresetnadene. Det var på nybygging av offshorefartøy verftet braut ryggen.
Gjennom ein avtale mellom bankane og Havila As kunne dei tre offshorefartøya under bygging fullførast, men med leveringa av Havila Borg i 2009 var det definitivt slutt for Solstrand som nybyggingsverft.
Eter den tid har Solstrand halde det gåande med reparasjons- og ombyggingsoppdrag og med berre folk i leiande stillingar som fast tilsette.
- Vi var 13 fast tilsette då eg slutta i går, fortel Sævik som i vinter har hatt rundt femti innleigde frå prosjekt til prosjekt.
Årsomsetninga på rundt 50 millionar har ifylgje Sævik gitt ei drift på rundt null.
Eg har fått igjen det eg har lagt inn, pluss litt til

Publisert: 13.03.2016 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54