Gir utbytte til kundane
Låne- og innskotskundar i Sparebanken Vest får pengar på konto.
Sparebanken Vest vil dele ut 1,05 milliardar kroner til kundane etter 2023. Det er 470 millionar kroner meir enn i fjor og utgjer i gjennomsnitt 10.478 kroner per kunde på Nordvestlandet, ifølgje ei pressemelding.
Både låne- og innskotskundar får del i kundeutbyttet, som blir fordelt etter storleiken på lån og innskot, og går til kundar som var kundar ved årsskiftet.
Kundeutbytte frå 2020
Banken byrja med såkalla kundeutbytte i 2020. Sparebanken Vest er dels sjølveigd og dels eigd av eigenkapitalbeviseigarane.
Når utbyttet blir fastsett i sparebankar blir det fordelt etter eigarandel, ein del til eigenkapitalbeviseigarane, ein del blir avsett til almennnyttige formål - gjerne kalla gåvemidlar.
Det er ein del av pengane som blir sett av til almennennnyttig formål Sparebanken Vest deler ut som kundeutbytte.
Kundeutbytte vil utgjere 0,44 prosentpoeng i lågare rente på lån opp til to millioner kroner, eller på lån opp til fire millionar dersom du har lånet saman med andre, seier Eirik Vartdal, banksjef og leiar for personmarknaden i Sparebanken Vest i Ålesund i pressemeldinga.
4,4 milliardar i pluss
Sparebanken Vest fekk eit overskot på 4,4 milliardar kroner i 2023 (sjå tabell under)
I tillegg til eit kundeutbytte på 1,05 milliardar kroner foreslår banken eit utbytte på 7,50 kroner per eigenkapitalbevis. Det utgjer 823 millionar kroner og ei avsetning på 150 millionar kroner til gåvemidlar.
Sparebanken Vest | ||
Per 4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2024 |
Inntekt | 6285 | 5244 |
Resultat før tap | 4513 | 3556 |
Resultat før skatt | 4418 | 3504 |
Sparebanken Vest | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Inntekt | 1739 | 1331 |
Resultat før tap | 1300 | 878 |
Resultat før skatt | 1287 | 840 |
Publisert: 01.02.2024 10:26
Sist oppdatert: 01.02.2024 11:27