Nytt
Giskeødegård satsar på land
I 24 år har han analysert og forklart kvifor sjømatbedriftene gjer det godt eller dårleg. No skal Kolbjørn Giskeødegård vise at han kan drive sjølv.
08.09.2020
Giskeødegård var sjømatanalytikar i Nordea før han skifta over til Nordea Markets i 2007 og markerte seg som ein av dei mest anerkjente analytikarane av selskap i sjømatbransjen.
No blir han finansdirektør i selskapet Columbi Salmon, som skal bygge og drive eit landbasert oppdrettsanlegg ved byen Ostende i Belgia, I tillegg skal det dyrkast grønnsaker basert på avfallet frå oppdrettsanlegget.
Anlegget er berekna å koste nesten 1,6 milliardar kroner og ha ein kapasitet på 12.000 tonn laks. (Til samanlikning skal det landbaserte anlegget som Salmon Evolution har under bygging i Fræna ha ein kapasitet på 36.000 tonn når det er fullt utbygd)
"Jeg er i en fase i livet hvor en gjerne har et vindu for endringer. Om jeg ikke hadde vært trygg på medgründere og konseptet, hadde jeg neppe tatt dette spranget" seier Kolbjørn Giskeødegård (53) til Dagens Næringsliv.
Største eigar er eigarane bak oppdrettselskapet Refsnes Laks, som går inn med rundt 200 millionar kroner i selskapet.
No blir han finansdirektør i selskapet Columbi Salmon, som skal bygge og drive eit landbasert oppdrettsanlegg ved byen Ostende i Belgia, I tillegg skal det dyrkast grønnsaker basert på avfallet frå oppdrettsanlegget.
Anlegget er berekna å koste nesten 1,6 milliardar kroner og ha ein kapasitet på 12.000 tonn laks. (Til samanlikning skal det landbaserte anlegget som Salmon Evolution har under bygging i Fræna ha ein kapasitet på 36.000 tonn når det er fullt utbygd)
"Jeg er i en fase i livet hvor en gjerne har et vindu for endringer. Om jeg ikke hadde vært trygg på medgründere og konseptet, hadde jeg neppe tatt dette spranget" seier Kolbjørn Giskeødegård (53) til Dagens Næringsliv.
Oppdrettarar i ryggen
Giskeødegård har med seg kollega Anders Hagen frå Nordea Markets i det nye selskapet. Hagen er dagleg leiar og dei to eig kvar seks prosent i Columbi Salmon, ifølgje Dagens Næringsliv.Største eigar er eigarane bak oppdrettselskapet Refsnes Laks, som går inn med rundt 200 millionar kroner i selskapet.
Børsnotering
Planen er å finansiere anlegget i Belgia med eigenkapital og selskapet kan eventuelt bli børsnotert, slik Salmon Evolution er i ferd med å bli etter kapitalinnhentinga i førre veke.Publisert: 08.09.2020 10:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02