2024-rekneskapen H I Giørtz Sønner i Sula viser ny auke i omsetninga på kring 300 millionar, til knappe 4,6 milliardar kroner.
Lønnsemda i 2024 vart litt svekka samanlikna med dei siste åra, men selskapet leverer framleis på rekordnivå med eit resultat før skatt på nær 104 milllionar kroner (sjå tabell under).
Milliardauke sidan 2020
Inntektene til selskapet som driv engroshandel til daglegvare og serveringsmarknaden, auka med ein dryg milliard kroner dei fem siste åra.
I årsmeldinga skriv styret at omsetningsauken i fjor skuldast prisvekst og noko organisk vekst.
| H I Giørtz Sønner AS | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 4593,9 | 4304,9 |
| Driftsresultat | 92,1 | 96,7 |
| Resultat før skatt | 103,7 | 108,2 |
Nytt rekordutbytte
H I Giørtz Sønner har i fleire år vore ein pengemaskin for eigarane.
Fjoråret vart ikkje noko unntak, og sørga for nye 40 millionar kroner i utbytte.
Til saman er det teke utbytter på 180 millionar kroner i åra 2020-2024.
Giørtz-familien er dei største eigarane i Sula-selskapet, medan Asko Norge har 34 prosent av aksjane.
Publisert: 27.06.2025 08:39
Sist oppdatert: 27.06.2025 09:08






