GJ Machine med vekstplanar
FORTALDE OM VEKSTPLANAR: Automasjonsingeniør Martin Andreas Blom og assisterande leiar Lisbet Johnsen fortalde om vekstplanane til GJ Machine under Founders Lunch onsdag. 
Nytt

GJ Machine med vekstplanar

Dei er ekspertar på robotisering og automatisering. No skal dei ut på investorjakt for å handtere fleire store oppdrag.

Marius Rosbach
11.06.2020
Skodje-bedrifta GJ Machine har dei siste åra auka omsetninga kraftig, og NETT NO omtala nyleg korleis koronasituasjonen har gitt nye førespurnader – ikkje minst lokalt.
No gjer dei seg klare til å presentere seg for vekstkapital, som skal gjere dei i stand til å vekse meir framover. Målet er ein større emisjon.
– Vi er no midt i prosessen med å lage ein investorpresentasjon, og reknar med å være klare med den rett over sommaren. Målet er å få ein kompetent kapital, fortel assisterande leder Lisbet Johnsen til NETT NO.
Saman med automasjonsingeniør Martin Andreas Blom, fortalde Johnsen om vekstplanane under ÅKP-arrangementet Founders Lunch onsdag. Ho la vekt på at ÅKP har vore ein god samarbeidspartnar med planane.

Meir frå ÅKP-samlinga:



Fleire store kundar

Dei siste åra har familiebedrifta som held til ved Furlia industriområde, hatt alt frå Nortura og Tine, til KD Pharma og Protech Sunndalsøra på kundelista. Ikkje minst har jobbane dei har gjort for Vartdal Plast og Wonderland i Rauma blitt lagt merke til.

– Mye av disse prosjekta våre er store, og vi er ei lita bedrift. For at vi skal kunne vekse og handtere fleire slike prosjekt, så krev det kapital og fleire folk, fortel Johnsen.
For Wonderland har dei levert ei produksjonslinje som kan lage ein ny madrass kvart 44. sekund. Det gjorde at Norsk Industri i sin konjunkturrapport for 2020, omtala dei som ei av verdas mest framtidsretta bedrifter i sin bransje.
Banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN var mellom dei som tok ordet etter presentasjonen grå GJ Machine under Founders Lunch. Han fortalde at han fleire gonger har vore i kontakt med Rauma-bedrifta, som har snakka varmt om arbeidet til GJ Machine.
– Wonderland er et mønsterbruk, mykje takka være den leveransen dere har gjort, sa han.

Fleire internasjonale førespurnader

I fjor vår var dei ni tilsette og reknar med å vere oppe i 15 personar i arbeid no i sommar. Vekstkapitalen skal vere med å skape fleire arbeidsplassar.

Lisbet Johnsen fortel at dei både vil sjå etter kompetanse på sal og eksport – i tillegg til å ruste opp organisasjonen generelt.
– Vi veit kva vi kan levere, men må fylle på med meir kompetanse for å klare volumet, seier ho.
I tillegg til auka førespurnader frå lokale bedrifter, er det auka interesse internasjonalt.
– Seinast i går fekk vi ein førespurnad frå Frankrike, fortel Johnsen.
Frå før har dei fått førespurnader frå Belgia og fleire arabiske land.

Meiner automatisering er nøkkelen

NETT NO intervjua nyleg dagleg leiar Gunnar Johnsen om det ogde 2019-resultatet. Han meiner marknaden er stor – og berre vil vekse framover. Han meiner automatisering er nøkkelen til å kunne konkurrere med produksjon i lågkostland.

Tidlegare har han vist til Ekornes som eit døme på ei bedrift som var tidleg ute med å ta robotane inn i fabrikkane. Det har bidrege til at dei framleis har stor produksjon i Norge.
– Veldig mykje av automatiseringa gjer vi for å få vekk monotone oppgåver. Dei anlegga vi leverer styrkar kundane sin eksistens. Dei klarer å kjempe mot mektige aktørar i lågkostland, sa i fjor.

Les også:




For at vi skal kunne vekse og handtere fleire slike prosjekt, så krev det kapital og fleire folk

Publisert: 11.06.2020 18:08

Sist oppdatert: 26.04.2021 11:14