Entreprenørselskapet Vasto Anlegg har levert eit rekneskap for 2025 som viser pluss i rekneskapen etter fleire år med underskot.
Samtidig fekk Skodje-selskapet nedgang i omsetninga.
Inntektene til selskapet har auka betydeleg dei siste år, og sjølv med ein nedgang frå 2024 til 2025, var omsetninga den tredje beste nokon gong.
Færre tilsette
Vasto Anlegg sysselsette 44 årsverk i fjor, nokre færre enn året før.
Selskapet har hatt ein anstrengt økonomi med betydelege underskot i 2023 og 2024. I ettertid blei dei teke fleire grep som starta å gi effekt i fjor.
Overskotet i fjor blei knapt, og enda på drygt 55.000 kroner før skatt.
| Vasto Anlegg AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 120 | 140,8 |
| Driftsresultat | 4,1 | 0,6 |
| Resultat før skatt | 0,05 | -4,4 |
Held til på Håhjem
Entreprenørselskapet har vore i bransjen i over 20 år og har adresse på Håhjem Næringsområde.
Dei leverer entreprenørtenester og grunnarbeid for kundar i privat og offentleg sektor. Morselskapet heiter Vasto AS, som er eigd av Lars Even Stokke og Joakim Valde via kvar sine selskap.
Publisert: 27.04.2026 09:36
Sist oppdatert: 27.04.2026 09:36






