Nytt
Gjennombrot for gründerselskap
Flowtru var på jakt etter ein investor, men enda opp med millionkontrakt og sin første kunde.
13.02.2020
I fjor var Flowtru i Herøy ein av finalistane i gründerkonkurransen Næringsteft, og starta jakta på investorar som kunne løfte ideen ut i marknaden.
Herøy-selskapet har utvikla ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan transporterast utan å måtte passere fysiske hinder. Det skal redusere skader og dermed store økonomiske tap for oppdrettarane.
Eitt av selskapa Flowtru var i kontakt med var Stranda Prolog i Kristiansund, men i staden for investering enda det med kontrakt på tre fiskepumer, det første salet Flowtru har gjort.
- Vi ser dette som ei minst like god løysing som ein emisjon, seier dagleg leiar og medeigar Martin Jung Leine i Flowtru.
Stranda Prolog lagar utstyrt til havbruksnæringa og dagleg leiar Klaus Hoseth seier til NETT NO at han han reknar med at eit anlegg med Flowtru-pumpe i kan vere i drift hos ein kunde i løpet av året, etter testing og eventuelle justeringar.
Avtalen mellom selskapa er starten på ei lengre samarbeid etter Hoseth si vurdering, og han held døra open for at Stranda Prolog kan investere i Flowtru i framtida.
- Vi synest teknologien dei har er veldig interessant, seier Hoseth.
I februar 2019 gjekk også Oshaug Metall AS i Molde og danske Cavech APS inn som aksjonærar. Dei er viktige teknologipartnarar og har viktig kompetanse som utfyller den dei tre etablerarar sjølv sit på. Oshaug Metall leverer avanserte støypetenestar og komponentar i bronse til pumpene, og Cavech bidreg med analysar av hydrodynamikk og optimalisering av utforming av pumpene, skriv Flowtru i ei pressemelding.
Jung Leine seier avtalen med Stranda Prolog gjer at selskapet revurderer emisjonsplanane. Dei er ikkje lagt på is, men må omarbeidast.
Herøy-selskapet har utvikla ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan transporterast utan å måtte passere fysiske hinder. Det skal redusere skader og dermed store økonomiske tap for oppdrettarane.
Eitt av selskapa Flowtru var i kontakt med var Stranda Prolog i Kristiansund, men i staden for investering enda det med kontrakt på tre fiskepumer, det første salet Flowtru har gjort.
- Vi ser dette som ei minst like god løysing som ein emisjon, seier dagleg leiar og medeigar Martin Jung Leine i Flowtru.
Fire millionar
Dei tre fiskepumpene Flowtru skal levere til Stranda Prolog kostar fire millionar kronar. To pumper blir levert i år, den tredje tidleg neste år.Stranda Prolog lagar utstyrt til havbruksnæringa og dagleg leiar Klaus Hoseth seier til NETT NO at han han reknar med at eit anlegg med Flowtru-pumpe i kan vere i drift hos ein kunde i løpet av året, etter testing og eventuelle justeringar.
Avtalen mellom selskapa er starten på ei lengre samarbeid etter Hoseth si vurdering, og han held døra open for at Stranda Prolog kan investere i Flowtru i framtida.
- Vi synest teknologien dei har er veldig interessant, seier Hoseth.
Revurderer emisjon
Martin Jung Leine etablerte bedrifta i sommaren 2018 i lag med Roar Stenersen (styreleiar) og Gisle Vinjevoll Thrane (styremedlem).I februar 2019 gjekk også Oshaug Metall AS i Molde og danske Cavech APS inn som aksjonærar. Dei er viktige teknologipartnarar og har viktig kompetanse som utfyller den dei tre etablerarar sjølv sit på. Oshaug Metall leverer avanserte støypetenestar og komponentar i bronse til pumpene, og Cavech bidreg med analysar av hydrodynamikk og optimalisering av utforming av pumpene, skriv Flowtru i ei pressemelding.
Jung Leine seier avtalen med Stranda Prolog gjer at selskapet revurderer emisjonsplanane. Dei er ikkje lagt på is, men må omarbeidast.
Publisert: 13.02.2020 16:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53