Ulstein Group-selskapet Ulstein Design & Solutions B.V. i Rotterdam skal designe fartøyet for japanske Penta-Ocean Construction, skriv selskapet i ei pressemelding.
Det over 200 meter lange fartøyet er det første som skal byggast med Ulstein Design & Solutions sitt spesialutvikla design for slike fartøy. Fartøyet har ei opning bak som selskapet sjølv karakterisere som ei dokk, som lettar arbeidet med å sette tunge pålar til havvind-turbinar ned på havbotnen.
Konstruksjonen gjer at skipet rører seg mindre og lettare kan sette baugen rett mot bølgene enn skip som set ut fundamenta ut på sida av skipet.
Ulstein har sidan sist sommar samarbeidd med Penta-Ocean Construction om designet av tungløftsfartøyet, inkludert eit omfattande modelltestprogram. Designet blir utvikla ved Ulstein sitt kontor i Rotterdam, med brei støtte frå engineeringsselskapet Ulstein Poland i designfasen, skriv Ulstein Design & Solution i ei pressemelding.
Pressemeldinga opplyser ikkje storleiken på kontrakten i kroner. Runar Muren i Ulstein Design & Solutions seier det er "ein god kontrakt for selskapet".
Fartøyet skal byggast på Seatrium-verftet i Singapore.

Publisert: 27.01.2025 12:33
Sist oppdatert: 27.01.2025 12:37