Gjennomslag for nytt seismikk system
DEFCON: Ulmatec Baro har seld sitt første patenterte DefCon-system, eit patentert system for å styre dørene slik at ein under skyting av seismikk oppnår større treffsikkerheit.
Nytt

Gjennomslag for nytt seismikk-system

Etter fleire tunge år, er det på nytt optimisme ved Ulmatec Baro. Har fått viktig kontrakt.

27.06.2019
- Dette er noko vi har venta på i fem år. No er den første kontrakten endeleg i boks.
Det seier dagleg leiar Iver Bjørnerem ved Herøy-bedrifta Ulmatec Baro.
Selskapet har spesialisert seg på å levere spesialutstyr til seismikkselskapa, spesielt barovanar (dører, red. merk) som vert brukte for å spreie seismikk-kablane i sjøen.

Europeisk kunde

Den nye kontrakten er derimot med systemet DefCon, eit patentert system for å styre dørene slik at ein under skyting av seismikk oppnår større treffsikkerheit.
- Vi har jobba med utviklinga av dette systemet i fem år, men fekk seismikk-nedturen rett i fleisen. No ser vi større aktivitet, og vi har god tru på dette produktet framover, seier Bjørnerem.
Første kontrakten er på rundt ti millionar kroner, og går til ein europeisk kunde – ein viktig aktør i seismikkbransjen.
- Ei svært viktig kontrakt og en milepåle for Ulmatec Baro, seier Bjørnerem og legg til at interessa for produktet har auka betydeleg etter at det første salet blei gjort.

Små dører

Salssjef Dag Johnny Seljeseth seier at seismikk-selskapa er opptatt av å få stadig betre kvalitet på sine data.
- Tidlegare har vi hatt gode system for breiddeseismikk ved hjelp av dører som er opp i 70-80 kvadrat store, nesten på størrelse med hus.
- No har vi fått utvikla dører på berre rundt ti kvadrat, der vi spreier kablane med stor nøyaktigheit.

Nodeseismikk

Seljeseth seier at systemet er spesielt interessant for skyting av nodeseismikk.
- Ja, her er det viktig å treffe nøyaktig, gjerne med berre få meters slingringsmonn.
- Då kan oljeselskapa blant anna enklare stimulere oljebrønnane for betre utnytting.

Ny flottør

I samband med DefCon utviklinga seier han at ein også har utvikla ein ny type patentert flottør, som er klargjort for DefCon-utrustning.
- Vi har utvikla ein ny flottør som er spesielt tilpassa DefCon-styresystemet. Denne har ikkje behov for å tilførast energi frå moderfartøyet. Vi har hatt stor fokus på optimal effekt i sjø då spesielt i forhold til hydrodynamikk og oppdrift.
- I tillegg har vi utvikla ei ny og meir effektiv dør, med fokus på miljø og gjenbruk av eksisterande dørblad. Dette har fått særs positive tilbakemeldingar frå marknaden, seier Seljeseth.

Passert fjoråret

Etter å ha vore gjennom nedbemanning og permitteringar, er arbeidsstokken på Baro no på rundt 18 personar.
- Vi ser optimistisk på utsiktene framover. Vi har hatt ein ordreinngang som så langt i år allereie har passert fjoråret, så det er stor tru på vekst, seier Bjørnerem.
Han opplyser at selskapet no også satsar på eit breiare spekter av produkt.
- I tillegg til å levere utstyr til seismikk, har vi også leveransar til fiskeri, oppdrett og verft, blant anna av rustfrie komponentar, produkt av gjennvinnbar plast (PE) og kompositt.
Vi har hatt ein ordreinngang som så langt i år allereie har passert fjoråret

Publisert: 27.06.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36