Nytt
Gjer 10 milliardar i gjeld om til eigenkapital
Omfattande avtale for Solstad-aktørane. Skal kvitte seg med 37 skip.
31.03.2020
Eit stor fleirtal av aktørane i refinansieringsforhandlingane i offshorereiarlaget Solstad Offshore er blir samde om ein plan for å kome i mål med refinansiering av det gjeldtunge offshorereiarlaget.
Bankar, store aksjonærar og obligasjonlångivarar står bak planen,
Planen omfattar mellom anna at til saman 10 milliardar kroner i gjeld skal gjerast om til eigenkapital. Både banklån og obligasjonslån blir gjort om til aksjar i selskapet, til ein kurs som gjer at långivarane vil eige 65-75 prosent av selskapet.
37 eldre skip skal enten seljast eller hoggast opp og selskapet skal sitte att med ein flåte på omlag 90 skip.
Aksjane til aksjonærar før gjelda blir gjort om til aksjar vil utgjere 0,4 prosent av eigarskapet i selskapet, etter gjeldskonverteringa. Dagens aksjonærar, medrekna toppsjef Lars Peder Solstad, får rett til å teikne seg for nye aksjar slik at dei kan eige inntil ein tredjepart av aksjane etter at refinansieringa er fullført.
Solstad Offshore er skapt av å samle Rem Offshore, Farstad Shipping, Deep Sea Offshore og Solstad Offshore i eitt selskap. Det skjedde etter at oljeprisen fall i 2014 og marknaden for offshoreskip stupte etterpå.
Kjell Inge Røkke og John Fredriksen var sentrale i å presse fram samanslåinga.

Publisert: 31.03.2020 22:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55