Eva Langstein Vestnes naeringforum foto ogne
UTVIDA: Dagleg leiar Eva Langstein i Vestnes Næringsforum står i spissen for eit arrangement som i år også omfattar elevar frå ungdomskule og vidaregåande skule. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Gjorde næringskonferansen tre gangar større

Inkluderte alle ungdomskuleelevane i kommunen og la om til eit tre dagars rekrutteringsarrangement.

14.10.2025

Ideen med å utvide Vestneskonferansen til også å vere eit rekrutteringsarrangement, kom opp på konferansen i fjor, fortel dagleg leiar Eva Langstein i Vestnes Næringsforum til Nett No.

Målet er å gjere ungdomskuleelevane kjent med omfanget og mangfaldet i arbeidslivet i kommunen.

Det omfattar arbeid til alt frå folk med til fagbrev, til folk med mastergrad, seier Langstein.

210 elevar
Måndag var 210 elevar frå 10. og 9. klasse ved ungdomsskulane i Vestnes og første klasse på Gjemundnes vidaregåande skule, samla på ein yrkeskonferanse. 

Der fekk dei høyre innlegg frå fleire ulike arbeidsgivarar og innspel til yrkes- og utdanningsval.

Torsdag denne veka er det samling for 10. klassingane på Gjermundnes vidaregåande skule, der ei rekkje bedrifter stiller på stand for å snakke med elevane ein og ein.

Fullt hus
Sjølve Vestneskonferansen skjer tysdag og samlar 200 deltakarar i kulturhuset Idahall i Tomrefjord.

Hovudtemaet er kva ringverknadar næringslivet skaper i lokal økonomi og samfunnsliv.

Konferansen var utseld for ei veke sidan, og samlar deltakarar frå Vestnes, Haram, Ålesund og Rauma.

Publisert: 14.10.2025 12:21

Sist oppdatert: 14.10.2025 20:20

Mer om