Bilutleigarfirma på Valderøy er konkurs etter at stor kjede sa opp avtalane med selskapet, skriv Sunnmørsposten.
Sunnmøre tingrett har torsdag opna konkurs i selskapet Ton Bilutleie – som inntil førre veke heite Trips of Norway.
– Vi mista heile grunnlaget vårt då Europcar la ned i Norge. Det kom som lyn frå klar himmel. Vi sa at vi kunne ta over, men fekk berre oppseiing, fortel styreleiar og dagleg leiar Tore Aakre til avisa.
Selskapet har vore franchisetakar for Europcar og dreiv med utleige av bilar på Vigra og i Nord-Norge. Kjeda sa opp avtalen i januar og i etterkant fekk Valderøy-selskapet store kostnader med å få tilbake alle bilane, ifølgje Aakre.
I lengre tid har det vore jobba med å berge selskapet, men det lukkast ikkje.
Ifølgje rettspapira hadde selskapet ei gjeld på nær 4,9 millionar kroner, og verdiar til kring 44.000 kroner. Bustyrar i konkursen er Bjørn-Ivar Borgund.
Firmaet har også drive utleige av ekslusive bilar med sjåførar. I sommar blei det starta eit nytt selskap, Trips of Norway Vip. Der er Tore Aakre styreleiar og dottera Lene Aakre Nilsen dagleg leiar.
Publisert: 16.10.2025 16:58
Sist oppdatert: 16.10.2025 16:58






