Gjorde Optimar fire gangar større
SOM FØR: Eigarskapet skifta, men MMC First Process skal drive vidare som før seier Peter Leon Fauske. Her er han saman med forgjengarene i sjefsstolen, Leif Gjelseth. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Gjorde Optimar fire gangar større

Med investeringselskapet Credo Partner som medeigar blei Optimar eit milliardkonsern. No satsar Credo på konkurrenten.

18.08.2019
I løpet av dei åra Credo var medeigar gjekk Optimar frå under 250 millioner kroner til over ein milliard kroner i driftsinntekter, og gjekk frå å vere leverandør berre til fiskerinæringa til å også skaffe seg eit solid fotfeste i oppdrettsnæringa.

Credo var medeigar i Optimar frå desember 2012 til desember 2017, då selskapet var seld til det tyske familieselskapet Haniel. Credo har spelt ei sentral rolle i å innlemme Peter Stette as og Seaside as i Optimar, samanslåingar som både gav vekst og fleire bein å stå på.

Viser til børsmelding

No har Credo og First Process Holding gått saman om å kjøpe Havyard Group sin aksjepost på 75 prosent i MMC First Process.
Seniorpartner Pål Brynsrud i Credo Partners vil førebels ikkje kommentere avtalen ut over børsmeldinga som blei sendt ut før børsen opna i dag, mandag 15.april.

Held fram som før

Peter Leon Fauske er sjef for MMC First Process og medeigar i aksjeposten på 25 prosent i selskapet gjennom First Process Holding.
Han seier selskapet skal drivast vidare som før, med avdelingar i Herøy, Haugesund og Digernesskiftet, der MMC First Process skal samle dei tilsette som i dag arbeider på Vigra og på Sjøholt.

MMC First Process har cirka 140 tilsette. 70-80 av dei er i Herøy, 60 vil høyre til på Digernesskiftet og 20 i Haugesund.

Betre resultat

I fjor fall driftsinntektene til fiskeri- og oppdrettsutstyrsindustriverksemda til Havyard Group - der MMC First Process er den dominerande - frå 427 til 407 millionar kroner i driftsinntekter i 2018. Driftsresultatet gjekk frå pluss 22,1 til minus 15,3 millionar kroner.
MMC First Process-sjef Peter Leon Fauske seier underskotet i fjor del skuldast kostnadar med endringar selskapet gjorde i fjor og at det blir betre i år.
- Vi beredde grunnen for eit veldig spennande 2019. 2019 kjem til å bli veldig bra, seier han.

Publisert: 18.08.2019 21:33

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:23