Luminell David Fink foto Ogne
NY EIGAR: Luminell-gründer David Fink starta opp selskapet i 2010 saman med Petter Veiberg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Glamox kjøper Luminell

Industrikonsernet blar opp minst 139 millionar for Ålesund-selskapet.

Marius Rosbach
19.04.2021

Ifølgje ei børsmelding frå GLX Holding til Oslo børs, kjøper Glamox alle aksjane i belysningsselskapet Luminell Group.

– Saman vil Luminell og Glamox ha leiande produkt å tilby dei globale maritime- og offshoremarknadene for alle type fartøy, uttaler administrerande direktør Rune Marthinussen i Glamox, i meldinga.

Luminell blir ein del av Glamox Global Marine og Offshore-divisjon, leia av Frode Scott Nilsen.

Hadde nytt rekordår i fjor
Glamox betalar i utgangspunktet 139 millionar for belysningsselskapet. I tillegg kan 42,5 millionar kroner bli lagt til prisen avhengig av de økonomiske resultata dei neste to åra. Kjøpet er venta å bli sluttført i andre kvartal i år.

Luminell omsette for 108,5 millionar kroner i 2020. Det er ein vekst i inntektene på 23 prosent frå det førre rekordåret i 2019.

Driftsresultatet enda med eit overskot på 16,5 millionar. Det er også eit solid forebetring frå dei to siste føregåande åra, som enda med eit lite underskot - og eit overskot på drygt to millionar.

Etablert i 2010
David Fink og Petter Veiberg etablerte Luminell i 2010, etter at dei såg lyset i studenttida.

Bakgrunnen var eit vellukka forsøkt med dei første lysarmaturane sine om bord i offshorefartøyet Olympic Hera.

Ålesund-selskapet fekk sitt gjennombrot som leverandør av lysanlegg til offshorefartøy, men har vunne innpass i nye marknader og vekse. Etterpå har det vært en sammenhengende vekst.

No er Luminell eit konsern med 39 tilsette og selskap i Norge, Sverige og USA og forhandlarar i Europa, Nord- og Sør-Amerika, Asia, Australia og New Zealand.

Glamox har gjort ein rekke oppkjøp dei siste åra og har kring 2400 tilsette over store delar av verda.

Industrikonsernet med utspring frå Molde lagar også ulike løysingar for belysing. No har konsernet hovudkontor på Skøyen i Oslo, og den årlege omsetninga var på nær 3,5 milliardar i fjor.

Seinast i februar opplyste Glamox at dei måtte redusere talet på dei tilsette ved fabrikken i Molde, med kring 18 personar.

Publisert: 19.04.2021 11:25

Sist oppdatert: 09.06.2021 12:54

Mer om