Glede over storkontrakt
KONTRAKT: Jetmund Runde leier eit gjeldfritt offshoreselskap, og har sikra omfattande arbeid for tre vaktbåtar under legging av ny kraftkabel frå Norge til Tyskland.
Nytt

Glede over storkontrakt

Herøy-selskapet Asper Norway får no alt av skip og folk i arbeid etter å ha fått storkontrakt med franske Nexans.

29.01.2018
- Ja, dei som få som er permitterte tek vi straks inn att i arbeid. I tillegg treng vi fleire nye tilsette.
Det seier dagleg leiar Jetmund Runde etter at Asper Norway har fått kontrakt med Nexans for å utføre vaktbåttenester under legging av ny straumkabel mellom Norge og Tyskland.
- For oss er dette ein stor kontrakt. Om opsjonane vert innfridde, har vi fullt opp å gjere for alle tre fartøya i andre, tredje og fjerde kvartal i år, og truleg også andre og tredje kvartal neste år.

Arbeid for 30 sjøfolk

Kontraktane er med fartøya Asper Malene, Asper Victoria og Asper Maria.
- Totalt er det snakk om 469 seglingsdøgn i år, i tillegg til ein samla opsjonsperiode på elleve månader neste år.
- Til å utføre arbeidet treng vi 30 sjøfolk, fordelt på ti over to skift på kvart skift.

Akseptable rater

Jetmund Runde seier at ratene er akseptable, og at Herøy-selskapet ikkje låg lavast i pris.
- Nei, dette oppdraget fekk vi nok mest fordi Nexans er godt fornøgd med det arbeidet vi har gjort tidlegare.
Samla kontraktsverdi for Asper-reiarlaget er på vel 11,6 millionar kroner, utan at opsjonane for 2019 er medrekna.

Storprosjekt

Arbeidet med Nordlink-kabelen starta i fjor, ein kabel som skal knyte Norge saman med det europeiske straumnettet.
Totalt vil den 516 kilometeren lange sjøkabelen vege 50.000 tonn. Heile prosjektet er kostnadsrekna til mellom 14 og 18 milliardar kroner, der norske Statnett tek halve rekninga.

Vaktskip

Det er kabelskipet Nexans Skagerrak som legg kabelen, medan offshoreskipet Polar King grev kabelen ned i havbotnen, og der Asper Norway-skipa vil halde vakt under arbeidet.
- Etter ein bølgjedal i marknaden, var denne kontrakten kjærkomen, seier Runde.
Han starta reiarlaget i 2010 saman med Håvard Høydalsvik Årsheim frå Høydalen.

Gjeldfrie

Asper-selskapa driv med vaktbåtar innanfor offshore og frakteskip innan ensilasje.
Les her:
Reiarlaget er betre stilt enn dei fleste andre.
- Vi er gjeldfrie, og eliminerer bort finansinstitusjonar med skjerpa krav.
- Vi løyser ikkje båtane frå kai utan å sitje med brorparten av profitten sjølve, seier Runde.
Vi er gjeldfrie, og eliminerer bort finansinstitusjonar med skjerpa krav.

Publisert: 29.01.2018 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17