Glen Bradley satsar paa lukka anlegg
Nytt

Glen Bradley satsar på lukka anlegg

Ei investorgruppe med Rostein-direktør Glen Bradley i spissen og Inge Huse på laget invester i oppdrettsteknologi-selskapet Marad Norway.

14.01.2020
- Dette er eit regionutviklingsprosjekt, seier viseadministrerande direktør Glen Bradley i brønnbåtselskapet Rostein til NETT NO.
Bradley og medinvestorane investerer blant anna for å bidra til å utvikle ny og regionalt eigd oppdrettsverksemd på Nordvestlandet.
Bradley eig 50,1 prosent av aksjane i selskapet Salmoseed, som gjennom ein emisjon blir eigar av 51 prosent av aksjane i Marad Norway i Herøy.
I tillegg til Bradley er Salmonseed eigd av ei gruppe Rostein-tilsette, Bjørn-Vegard Løvik, Inge Huses familieselskap Torion og Rostein-eigde Larsnes Mek. Verksted.

Flytande, lukka anlegg

Marad Norway har utvikla eit lukka, flytande oppdrettsanleg i stål, og har søkt om to såkalla utviklingskonsesjonar for å få bygd anlegget.
Ordninga med utviklingskonsesjonar blei innført for å fremje ny oppdrettsteknolgi for å redusere problem med lakselus og rømming frå oppdrettsanlegg.
Utviklingskonsesjonane er rimlege samanlikna med å kjøpe vanlege konsesjonar. Dei som får konsesjonar får behalde konsesjonane og kan gå over til drift av eit tradisjonelt ope oppdrettsanlegg dersom det viser seg at teknologien ikkje fungerer som venta. Det vilkåret er med og reduserer risikoen i prosjekta.

Fleirtrinnsrakett

Bradley vil ikkje opplyse kor mykje Salmonseed-eigarane skyt inn i Marad Norway, men seier det er planar om emisjonar i fleire trinn.
Vilkåret for å lukkast er at Marad Norway får utviklingskonsesjonen det er søkt om.
Før emisjonen er Marad Norwy eigd av Aasmund Torvik, Bjørn Ove Endresen og Geir Kvalsund Sandnes.
Medan mange aktørar satsar på lukka merder i plastmateriale, kompositt eller betong, satsar Marad Norway på stål.
- På mange måtar flyttar vi landbasert oppdrett attende til havet, sa Bjørn Endresen i Marad til NETT NO i 2016.

Publisert: 14.01.2020 09:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31