Global droppa Egersund satsing
BLIR IKKJE BYGD: Moderne maskiner, betre energiutnytting og nye lokale skulle vere med på å kutte kostnadane i Global Fish sitt nye anlegg i Egersund. Men Global Fish fekk ikkje finansieringa på plass.
Nytt

Global droppa Egersund-satsing

Satsar i Florø i staden.

30.07.2018
Global Fish planla eit fabrikk- og lagerbygg til mellom 250 og 270 millionar kroner i Egersund, men la vekk planane i februar i år.
Det går fram av årsmeldinga til Global Fish. Bak Global Fish står Geir Robin og broren Jan Otto Hoddevik, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dahl.
"I februar ble situasjonen rundt et nytt anlegg i Egersund avklart og det viste seg at vi ikke kunne få prosjektet gjennomført slik vi ønsket, av finansielle grunner", skriv styret i årsmeldinga.

Store investeringar

Den nye fabrikken ville bety ein vesentleg auke i effektiviteten, både samanlikna med korleis Global Fish driv i Egersund i dag og også samanlikna med norsk pelagiske industri generelt, sa dagleg leiar Geir Robin Hoddevik til NETT NO i fjor haust.
Global Fish har lagt ned eit betydeleg forskning- og utviklingsarbeid for å planlegge anlegget i Egersund. Den innsatsen får selskapet i første omgang ingenting att for, men selskapet håpar erfaringa kan kome til nytte seinare, heiter det i årsmeldinga.

Satsar i Florø

Dagens leigeavtale i Egersund går ut neste år, og planen var at den nye fabrikken skulle erstatte dagens lokale.
No blir det satsing i Florø i staden. I samband med Florøsatsinga har datterselskapet Global Egersund skifta namn til Global Florø.
Tilbodet om å overta anlegget i Florø kom i mars i år, og målet er å vere ferdig med renovering og installeringa av nytt utstyr i september i år.

Comeback i pelagisk industri

Geir Robin og broren Jan Otto Hoddevik, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dahl, var blant inititiativtakarane til det som i dag er blitt Pelagia, den største aktøren i norsk pelagisk industri. Pelagisk industri tek mot sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag.
Etter at dei gjekk ut av Pelagia i 2012 og reetablerte Global Fish satsa Hoddevik, Teige og Dahl på nytt i pelagisk industri gjennom Global Fish.
Global Fish sitt nye anlegg i Egersund skulle filetere pelagisk fisk for forbrukarmarknaden.

Publisert: 30.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24