Global Fish troebbel i Floroe
PROBLEM: Starten for Global Fish sitt anlegg i Florø har ikkje blitt som Global Fish-eigarane hadde håpa, men i år ventar selskapet pluss-resultat.
Nytt

Global Fish-trøbbel i Florø

Tekniske vanskar og forseinkinga har gitt Global Fish milliontap i Florø. 

16.07.2020
Global Fish planla eit fabrikk- og lagerbygg for pelagisk fisk (sild, makrell, kolmule og liknande fiskeslag) til mellom 250 og 270 millionar kroner i Egersund, men la vekk planane i februar 2018 etter at prisanslaget hadde passert 300 millionar kroner.

I staden tok selskapet over konkurrenten Pelagia sitt tidlegare anlegg i Florø, og investerte i nytt utstyr. Det har ikkje gått heilt som håpa.
Både i 2018 og 2019 gjekk Global Fish sitt datterselskap Global Florø med underskot (sjå tabell, nederst på sida om du les på mobil), men i år ventar selskapet overskot, seier dagleg leier og medeigar Geir Robin Hoddevik. I tillegg til betre drift i Florø har Global Fish i år også nytt godt ei gunstig utvikling i kronekursen.

Milliontap

Etter 2018 anslo Hoddevik at forseinkingane med å få i gang produksjonen i Florø kosta selskapet nærare 30 enn 20 millionar kroner i form av ekstra arbeid og tapte inntekter. Omlag to tredjepartar av kostnadane kom i 2018.
På det tidspunktet rekna Hoddevik med at Florø-anlegget kunne gå med planlagt kapasitet etter sommarferien 2019. Men vanskane var framleis ikke over då årsmeldinga for 2019 vart signert 24. april 2020.

- Vi er ikkje heilt i mål med alt, men det går framover, seier Hoddevik.

Anlegg frå Optimar

"Etter kjøp, renovering og ombygging av produksjonsanlegget i Florø har selskapet hatt tekniske problemer med det nye prosessutstyret som ble kjøpt fra Optimar. Problemet har vedvart langt ut i 2019. Først høsten 2019 fungerte anlegget bedre, men ikke tilfredsstillende. Dette har ført til tap av inntekt og høye driftskostnader" heiter det i årsmeldinga til Global Florø for 2019.
I år skal det bli betre resultat: "Styret forventer en betydelig forbedring i driften i 2020, selv om produksjonsanlegget i Florø fremdeles ikke fungerer som forutsatt", skriv styret i Global Fish. Global Fish eig Global Florø.
Hoddevik seier samarbeidet med Optimar held fram, og at det ikkje er eller har vore konflikt mellom selskapa.
- Vi blei einige om kva som må gjerast, seier han.
Optimar-sjef Håvard Sætre er på ferie, og NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med han.

Satsa på nytt

Geir Robin og broren Jan Otto Hoddevik, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dahl, var blant initiativtakarane til det som i dag er blitt Pelagia, den største aktøren i norsk pelagisk industri. Pelagisk industri tek mot sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag.
Etter at dei gjekk ut av Pelagia i 2012 og reetablerte Global Fish satsa Hoddevik, Teige og Dahl på nytt i pelagisk industri.
I 2018 kom Nergård-konsernet inn og blei 40 prosent medeigar i Global Fish, samstundes som Nergård-konsernet og Global Fish etablerte eit felles salselskap.

Publisert: 16.07.2020 13:18

Sist oppdatert: 19.04.2021 08:18