Strukturplast på Sandane i Gloppen ventar stort vekst, og vil ha eit nytt fabrikkbygg på 3000 kvadratmeter ved sidan av bygget som husar bedrifta i dag.
Prisen er anslått til 20-25 millionar kroner. Den rekninga tek kommunen, som blir eigar av bygget, med Strukturplast som langsiktig leigetakar.
- Det er ein klar positiv stemning blant politikarane, seier Gloppestad.
Han seier kommunen har lagt stor vekt på å sikre seg at at investeringa er innanfor regelverket som mellom anna skal hindre at investeringa inneber ei konkurransevridning.
- Vi har lova 15 nye arbeidsplassar, seier dagleg leiar Frode Lindvik i Strukturplast.
- Kvifor lova du det?
- Kvifor ikkje? Du må vere litt tøff i trynet.
- Var det om kvelden?
- Nei, det var i formannskapet, seier Lindvik.
Strukturplast lagar mellom anna utstyr for baderomsinnreiingsleverandøren og søsterselskapet Bano, som og ligg på Sandane.
Rundt halvparten av driftsinntektene kjem frå leveransar til Bano, resten blant anna frå leveransar av spesialutvikla plastprodukt til olje,- oppdrett og fiskeribransjen.
Prisen er anslått til 20-25 millionar kroner. Den rekninga tek kommunen, som blir eigar av bygget, med Strukturplast som langsiktig leigetakar.
Rekordinvestering
Ordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen seier dette er den største investeringa av denne typen kommunen nokon gong har gjort. Han trur kommunestyret i neste veke kjem til å følgje den samrøystes tilrådinga frå formannskapet i dag, og vedta investeringa.- Det er ein klar positiv stemning blant politikarane, seier Gloppestad.
Han seier kommunen har lagt stor vekt på å sikre seg at at investeringa er innanfor regelverket som mellom anna skal hindre at investeringa inneber ei konkurransevridning.
15 nye jobbar
Bakgrunnen for kommunens vilje til å investere er forventningar om nye arbeidplassar. Strukturplast har i dag rundt 35 tilsette, og planen er å bli fleire.- Vi har lova 15 nye arbeidsplassar, seier dagleg leiar Frode Lindvik i Strukturplast.
- Kvifor lova du det?
- Kvifor ikkje? Du må vere litt tøff i trynet.
- Var det om kvelden?
- Nei, det var i formannskapet, seier Lindvik.
Meir enn dobling
3000 ekstra kvadratmeter fabrikkhall er meir enn ei dobling av arealet Strukturplast har i dag.Strukturplast lagar mellom anna utstyr for baderomsinnreiingsleverandøren og søsterselskapet Bano, som og ligg på Sandane.
Rundt halvparten av driftsinntektene kjem frå leveransar til Bano, resten blant anna frå leveransar av spesialutvikla plastprodukt til olje,- oppdrett og fiskeribransjen.
Publisert: 22.07.2020 07:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11