God butikk paa DAB radio
VEKST: Dagleg leiar Geir Gjørsvik i Paneda og Paneda DAB har høge forventinger til 2016.
Nytt

God butikk på DAB-radio

Omlegging til DAB-radio er god butikk for Paneda DAB i Selje.

21.07.2016
Selskapet har nettopp fått jobben med å utruste 10 tunnelsystem i Nordland med dekning DAB-radio. I mars i år fekk selskapet kontrakt på å levere radiosamband til 49 tunnelar frå Buskerud til Vest-Agder.

I løpet av dei tre siste åra har fire av åtte større radiosamband-kontrakter med Statens Vegvesen gått til Paneda DAB skriv selskapet i årsmeldinga si.

Sterk vekst

Tunneljobbane har gitt ein stor vekst, og selskapet ventar ei dobling i driftsinntektene i år, frå 16 til 32 millionar kroner.
I startåret 2011 var driftsinntektene 1,2 millionar kroner.

Paneda-gruppen

Paneda DAB er eit selskap i Paneda-gruppen, der Paneda DAB og Paneda er dei to største selskapa.
Paneda DAB har spesialisert seg på å skaffe DAB-dekning i tunnelar. Paneda eig og driv rundt 200 TV-sendarar over heile landet. Det er desse som syter for at folk som bur slik til at satelittsignal ikkje når fram - i satelittskuggen - også kan få inn satelitt-TV.
Selskapet har levert gode overskot i fleire år, og har i år også fått oppdraget med å oppgradere TV-sendarane til å sende HD-signal, noko selskapet meiner vil tilføre større driftsinntekter og eit positivt resultat.
Paneda-gruppen er tett tilknytta selskap med langt på veg overlappande eigarskap.
Oddvar Flølo og Geir Gjørsvik eig Paneda DAB 66/34. I Paneda eig dei høvesvis 61,44 og 22,89 prosent. Resten av aksjane er eigd av Sølvi Karin og Tom Ludvig Joensen.
Paneda og Paneda sysselset seks årsverk kvar.

Publisert: 21.07.2016 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58