Oslo børs
OSLO BØRS: Hovedindeksen i minus måndag på Oslo Børs, men for fleire offshoreselskap vart det ein god dag. Foto: Oslo Børs
Nytt

God dag for offshoreselskapa

Fleire offshoreselskap gjekk mot straumen på Oslo Børs.

21.02.2022

Offshoreselskapa DOF og Solstad Offshore vart børsvinnarane på Oslo Børs måndag. DOF steig heile 29,6 prosent til 0,99 kroner aksjen. Solstad Offshore steig på sin side 11,6 prosent til 15,18 kroner aksjen.

Siste månaden har DOF auka børsverdien med 32 prosent, medan aksjekursen i Solstad Offshore har dobla seg.

Nytt oljeprishopp
Også Havila Shipping-aksjen var med på oppturen for offshoreselskapa. Aksjekursen steig med 5,4 prosent til 4,06 kroner aksjen.

Ukraina-konflikten prega dei europeiske børsane måndag, men stigande oljepris bidrog til å dempe fallet på Oslo Børs. Hovudindeksen slutta ned 0,47 prosent etter at oljeprisen steig to prosent til 94,6 dollar fatet.

Av selskapa med base på Nordvestlandet hadde alle dei tre Sævik-kontrollerte selskapa ein bra børsdag.

Innsidehandel
Også Salmon Evolution-aksjen steig etter at styremedlem Anne Breiby hamstra aksjar.

Det såg også lenge ut til at Arctic Bioscience-aksjen skulle få seg eit løft. Etter å ha vore oppe i 19 kroner, vart det lempa ut aksjar på slutten av dagen. Sluttkursen vart 14,60 kroner, ein nedgang på 8,7 prosent.

Publisert: 21.02.2022 17:00

Sist oppdatert: 21.02.2022 17:05

Mer om