Rogne
SILD: Herøy-båten Rogne på veg med 1280 tonn NVG-sild til Fosnavaag Pelagic. Det er godt sildefiske vest av Tromsøflaket. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

God fart i sildefisket

Her kjem Rogne til Fosnavåg med 1280 tonn sild frå Tromsøflaket. Det gode sildefisket held fram.

25.10.2021

Sist veke vart det innmeldt 33.700 tonn NVG-sild, opplyser Sildelaget.

Dette var årets beste veke så langt, sjølv om det i perioder har vore kuling på sildefeltet.

Laurdag var beste sildedøgn med knappe 12.000 tonn.

Vest av Tromsøflaket
Ringnotgruppen har bidratt med heile 23.300 tonn, kyst med 6.600 tonn, trål 2.000 tonn og frå to utanlandske båtar vart det innmeldt 1.800 tonn.

Sildelaget opplyser at det vert meldt om store sildemengder i vestkanten på Tromsøflaket. Det er ikkje noko som tyder på at silda trekker inn mot fjordane på Nord-Troms endå.

God kvalitet
Silda er stor, og er attraktiv til filet-produksjon, og fleire kjøparar melder om ypperleg kvalitet.

Det gode fisket held fram i dag, måndag.

Til klokka 13 var det meldt inn 10 fangstar på totalt 4.599 tonn.

Makrell ved Storegga
Også på makrellen var det ei bra veke, med totalt 22.900 tonn innmeldt.

Heile 11.600 tonn var fiska av utanlandske fartøy, der ringnot fiska 8.200 tonn, trål 1.700 tonn og kyst 1.400 tonn.

Sildelaget opplyser at fisket for dei største båtene har foregått på to felt; eitt felt rundt Storegga, rundt 40 nautiske mil av Ålesund. Det andre hovedfeltet er søraust av Shetland i britisk sone. Totalt er det no tatt vel 87 prosent av makrellkvoten.

Publisert: 25.10.2021 13:04

Sist oppdatert: 25.10.2021 17:49

Mer om