God fart på silda – labert på makrellen
Gode fangstar og bra prisar under fisket av NVG-silda. Litt betring på makrellen.
Førre veke var ei god veke på NVG-silda med totalt 34.200 tonn. Sildelaget opplyser at fisket har foregått rundt 100 nautiske mil nord for Andenes og vidare nordover.
Det vert også meldt om god kvalitet og gode prisar på silda.
Det gode fisket har halde fram denne veka.
Onsdag vart det tatt 21 fangstar på totalt 10.821 tonn. Av desse var Leinebjørn, som er på veg til Tripleline Vedde med 960 tonn, medan Strand Senior skal heilt sør til Pelagia Karmøy med 1.440 tonn. Begge desse fangstane går til oppmaling.
Eigarskifte
Til klokka 12 torsdag er det innmeldt nye sju fangstar på totalt 4.920 tonn. Av desse er Smaragd med 1.550 tonn, som også skal gå til oppmaling.
Herøy-båten Smaragd har elles nyleg gjort endringar på eigarsida, ettersom dei tre borna som er etterkomarar etter Reidar Smådal har kjøpt ut borna til Per Smådal, den andre familiegreina i selskapet.
Totalt er det no tatt 265.969 tonn av totalkvoten på 442.268 tonn av NVG-sild.
Mange småslumpar
På makrellen er det framleis mykje køyring og mange småslumpar. Sist veke var ei elendig veke, med berre 3.300 tonn innmeldt. Onsdag var det litt betre, med 5,324 tonn innmeldt fordelt på 30 fangstar. Av desse hadde Herøyhav 280 tonn, som skal leverast til Olav E. Fiskerstrand.
Til klokka 12 torsdag er det meldt inn 12 nye fangstar, på totalt 923 tonn.
Fleire fartøy har att av makrellkvoten i år, og det hastar med å kome i mål. Totalt er det fiska 274.751 tonn av totalkvoten på 309,116 tonn.
Publisert: 27.10.2022 12:07
Sist oppdatert: 27.10.2022 12:29