God interesse for virtuell fiskerimesse
MESSE: Då dei ordinære fiskerimessene vart avlyste, satsa aktørane bak Fishfacts å arrangere ei virtuell fiskerimesse. Dei melder om stor interesse.
Nytt

God interesse for virtuell fiskerimesse

Mange fiskeskipperar ønskjer å delta direkte frå båten.

29.04.2020
Færøyværingane Óli og Hanus Samró, som står bak verdas første digitale fiskerimesse Fishfacts, melder om god interesse for messa.
- Vi har allereie fått stadfesta deltaking frå 17 leverandørar. Det høyrest kanskje ikkje ut til å vere mange, men tatt i betraktning av at det berre er nokre dagar sidan vi lanserte den virtuelle fiskerimessa, synt eg dette er kjempebra.
Det seier Hanus Samró, medeigar og salssjef i Fishfacts.com, i ei pressemelding.

Virtuelle stands og møter

Den virtuelle fiskerimessa foregår som ei vanleg fiskerimesse, men med virtuelle stands og møter.
Samró seier at det som han er mest overraska over, er reaksjonane fra skipperane, spesielt dei som er ute på havet og fiskar.
- Vi har fått fleire tilbakemeldingar frå nysgjerrige skipperar som gler seg til at dei kan delta på ei virtuell fiskerimesse, seier han.

Messestopp

Aktørane bak Fishfacts hadde planlagt å delta med stand på Havfisk i Bergen og på Norfishing i Trondheim, men covid-19 har sett ein stoppar for begge dei to messene.
I staden bestemte Fishfacts-eigarane å arrangere sin eigen virtuelle fiskerimesse.
- Eg er veldig overraska over interessa. Nærast mållaus, sier Samró i pressemeldinga.

Trålskipperar

Han opplyser at fleire enn 400 fiskebåtar brukar Fishfacts, frå Svalbard i nord til Antarktis i syd og frå Canada i vest til Okhotsk i aust.
Av kundane er nokre av dei største trålarane i Nord-Atlanteren, blant annet «Gitte Henning 1», «Gerda Marie», «Aðalsteinn Jónsson», «Avataq», «Akraberg» og «Enniberg».
- Skipperane på disse trålarane har stadfesta at dei deltar på vår virtuelle fiskerimesse den 9. og 10. juni, seier Samró.
Eg er veldig overraska over interessa. Nærast mållaus

Publisert: 29.04.2020 14:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56