God Jul fraa NETT NO
Foto: Wikimedia Commons
Nytt

God Jul frå NETT NO-redaksjonen!

Då innhaldet av NETT NO-magasinet 2021 vart planlagt i vår, vurderte vi at rekruttering og tilgang på arbeidskraft kom til å bli eit viktig tema i år. Det fekk vi rett i, men vi undervurderte kor viktig det faktisk skulle bli.

Klikk her for å lese heile magasinet

No har auka smitte og ein ny variant av koronaviruset på ny skapt uvisse, først og fremst for dei bransjane som lever av å samle folk.

Men skilnaden frå no og då pandemien kom i 2020 er at både styresmaktene, næringslivet og vi alle sit med meir erfaring i korleis pandemien skal handterast. Dessutan er vaksiner tilgjengelegeog nye og betre tilpassa vaksiner kan kome raskare på marknaden enn då ein måtte starte heilt frå grunnen av i starten av fjoråret.

Det gir grunn til håp om at dei siste innstrammingane i smitteverntiltaka blir kortvarige samanlikna med korleis det var i 2020, og at den utviklinga vi såg gjennom 2021 skal halde fram.

Det betyr mellom anna at konkurransen om arbeidskrafta vil vere stor, og at rekruttering framleis vil vere ein flaskehals for vekst i næringslivet.

Hugs også den viktigaste grunnen til at rekruttering har blitt meir krevjande, rett og slett at det går bra i næringslivet på Nordvestlandet.

NETT NO følgjer tradisjonen frå starten, med å publisere artiklane frå årets NETT NO-magasinet gjennom jule- og nyttårshelga. Artiklane er tilgjengelege for alle, både abonnentar og komande abonnentar.

Vi ønskjer våre lesarar og annonsørar ei retteleg God Jul!

Kjetil Haanes, Ogne Øyehaug og Marius Rosbach

Klikk her for å lese heile magasinet

Publisert: 23.12.2021 10:30

Sist oppdatert: 23.12.2021 10:56