God Jul fraa NETT NO 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
Foto: Wikimedia Commons
Nytt

God Jul frå Nett No-redaksjonen

Det går godt for næringslivet i nordvest. Samstundes har vi fått ei farlegare verd. Det er temaet i det 13. Nett No-magasinet.

23.12.2025

Fullskalakrigen i Ukraina har snart vart i fire år, det grøne skiftet er erstatta med beredskap og opprusting som hovudtema på det som er av næringslivskonferansar, Noreg og Europa rustar opp, og Donald Trump bygger tollmurar.

Det er ei kolossal endring sidan NETT NO publiserte sin første artikkel i november i 2013.  Då levde vi framleis i ei etter-kaldkrigstid. Forsvar og beredskap stod langt nede på den politiske prioriteringslista og verdshandelen flaut fritt.

I dag ser det dystrare ut.

Men risikoen for at dystre spådommar slår til, minkar om ein bur seg på å forhindre dei, og vonleg er det nettopp det som er i ferd med å skje. 

Dette er utgangspunktet for fleire av artiklane i 2025-utgåva av NETT NO-magasinet, den 13. årgangen i rekka. Magasinet blei publisert i november 2025.

  • Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 

    Les heile 2025-magasinet her

Vi skriv óg om eit næringsliv der dei fleste har nok å gjere. Også 2025 ser ut til å bli bra, og hos den viktig maritime klynga ventar bedriftene vekst også i 2026. 

Framleis er det slik at rekruttering er ei større utfordring enn å få nye oppdrag. Aller lengst for å løyse den utfordringa er det Nordfjordkompaniet som har gått. Der startar dei allereie i barnehagen, med lesestund og bedriftsbesøk for femåringane.

Vidare blir unge nordfjordingar følgde opp gjennom grunnskulen og den vidaregåande skulen, i ei rekke lærlingprogram og på studier utanfor Nordfjord. Alle som vil, kan bli med i eit nettverk. Då får dei også melding om ledige jobbar i regionane kvar veke og større nyheitsbrev fleire gonger i året. 

Vi ønskjer våre lesarar og annonsørar ei retteleg God Jul!

Helsing frå Ogne Øyehaug, Marius Rosbach, Karoline Prytz Berset og Paula Zwolenski

Publisert: 23.12.2025 15:00

Sist oppdatert: 23.12.2025 11:43

Mer om