God start etter konkurs
DRIV VIDARE: Moods of Norway-gründerane Jan Egil Flo og Simen Staalnacke, saman med fleire tilsette, kjøpte varelager og varemerke etter konkursen i Moods of Norway i 2017. Både 2017 og 2018 gav overskot for nysatsinga.
Nytt

God start etter konkurs

Moods-gründerane har fått ein god start etter konkursen.

12.08.2019
Etter konkursen i 2017 kjøpte Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke, Jan Egil Flo og ei gruppe tilsette tilbake klesmerket frå konkursbuet.
Den tidlegare suksessbedrifta hadde tre år med store tap bak seg ved konkursen, men Staalnacke, Flo og dei andre investorane ville satse på nytt gjennom selskapet Retail Drift. I konkurranse med fire andre vann konkurransen dei om å ta over varelageret, eigarskapet i Brandstad-kjeden, Moods USA, Moods Sverige og varemerke.
Prisen var 52,6 millionar kroner og 2017-reknskapen til Retail Drift viste eit overskot på 30,8 millionar kroner. Det gode resultatet i 2017 var i stor grad på grunn av gevinsten selskapet fekk på å selje ut varelageret. Både driftsinntekter og lønsemd gjekk ned i fjor (sjå tabell), men resultatet er framleis godt.

Færre butikkar

"Nye Moods of Norway" er ei svært krympa utgave av kva selskapet var før konkursen. I 2017 la selskapet ned ei rekkje butikkar og ved utgangen av 2018 hadde selskapet tre fysiske butikkar og nettbutikk, mellom anna ein i Stryn. I mars opna selskapet butikk i Oslo og planlegg ytterlegare etableringar i år, under varemerket Moods.
Klesbutikk-kjeda Brandstad, som var en del av Moods of Norway ved konkursen, vart seld til danske PWT Group etter konkursen, men skal framleis selje Moods-klede. Eigarskiftet skjedde i vår.

Berre Pluss

Jan Egil Flos selskap Berre Pluss eig 69 prosent av Retail Drift. Simen Staalnackes selskap Super Duper Wooper eig ni prosent og dagleg leiar Gunn Heidi Lilleengen eig seks prosent.
Retail Drift har tre aksjeklasser. Flo eig alle A-aksjane. Staalnackes aksjar er B- aksjar. Lillengens aksjepost er fordelt 50/50 mellom B- og C-aksjar.
Konsernreknskapen til Berre Pluss viste 117 millionar kroner i driftsinntekter og 10,4 millionar kroner i resultat før skatt i fjor.

Pluss, men nedgang

Begge dei to andre klesprodusentane i Stryn, Skogstad Sport-konsernet (Fri Stil as) og Ricco Vero-konsernet (Kvamme Eiendom as), fekk eit lite overskot i fjor trass i fall i driftsinntektene.
(Sjå reknskapstabell for alle selskapa ved sidan av artikkelen, eller nederst på sida om du les på mobil.)

Publisert: 12.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38