Nytt
God start etter tøft år
Kulde og snø har gitt Ørsta Skisenter ein god start på 2020/2021-sesongen. Førre sesong blei rekorddårleg.
27.01.2021
Billetteinntektene til Ørsta Skisenter fall frå 1,3 millionar kroner i 2018/2019-sesongen til 440.000 kroner i 2019/2020-sesongen.
Først i februar i fjor kom det nok snø til at senteret kunne opne skitrekk og stolheis, og tidleg i mars måtte anlegget stenge på grunn av smitteverntiltak mot koronaepidemien.
Svikten i billettinntektene gjorde at dei samla driftsinntektene fall frå 2,5 millionar kroner i 2018/2019 til 1,4 millionar kroner i 2019/2020.
Oversikta til reknskapdatabasen proff.no går tilbake til 1999, og den viser at selskapet Ørsta Skisenter aldri har hatt lågare inntekter enn i førre sesong.
(Selskapet har avvikande reknskapsår, som følgjer skisesongen. 2020-reknskapen viser dermed sesongen 2019/2020)
Selskapet har ikkje lenger tilsett dagleg leiar og styret har fordelt arbeidsoppgåver seg i mellom og arbeider på dugnad. To personar er løna for å ta seg av drift, men er innleigd på sesongbasis.
Ørsta kommune har skote inn 250.000 kroner i ny eigekapital, Sparebank1 Søre Sunnmøre har gitt eit tilsvarande beløp som gåve, sponsorinntektene er auka og også parkeringsinntektene.
- Vi har retta opp ganske mykje. Vi har ein sunn økonomi, seier Knudsen.
- Det har berre vore heilt supert, seier Knutsen om sesongstarten.
Selskapet har ikkje fått støtte gjennom kompensasjonsordningar som er innført i samband med tiltaka mot koronaepidemien, ifølgje Knutsen.
Først i februar i fjor kom det nok snø til at senteret kunne opne skitrekk og stolheis, og tidleg i mars måtte anlegget stenge på grunn av smitteverntiltak mot koronaepidemien.
Svikten i billettinntektene gjorde at dei samla driftsinntektene fall frå 2,5 millionar kroner i 2018/2019 til 1,4 millionar kroner i 2019/2020.
Oversikta til reknskapdatabasen proff.no går tilbake til 1999, og den viser at selskapet Ørsta Skisenter aldri har hatt lågare inntekter enn i førre sesong.
(Selskapet har avvikande reknskapsår, som følgjer skisesongen. 2020-reknskapen viser dermed sesongen 2019/2020)
Nye pengar
Ørsta Skisenter har gått i minus to år på rad. Det har tæra på eigenkapitalen, og selskapet har tatt fleire grep for å styrke økonomien, fortel styreleiar Gunnar Knudsen.Selskapet har ikkje lenger tilsett dagleg leiar og styret har fordelt arbeidsoppgåver seg i mellom og arbeider på dugnad. To personar er løna for å ta seg av drift, men er innleigd på sesongbasis.
Ørsta kommune har skote inn 250.000 kroner i ny eigekapital, Sparebank1 Søre Sunnmøre har gitt eit tilsvarande beløp som gåve, sponsorinntektene er auka og også parkeringsinntektene.
- Vi har retta opp ganske mykje. Vi har ein sunn økonomi, seier Knudsen.
100 dagskort
Tiltaka mot koronaepidemine set framleis grenser for kor mange som kan nytte skitrekk- og stolheis. Skisenteret har sett ei grense på 100 selde dagskort per dag, i tillegg til at kundar med sesongkort får nytte anlegget.- Det har berre vore heilt supert, seier Knutsen om sesongstarten.
Selskapet har ikkje fått støtte gjennom kompensasjonsordningar som er innført i samband med tiltaka mot koronaepidemien, ifølgje Knutsen.
Les også:
Vi har retta opp ganske mykje. Vi har ein sunn økonomi
Publisert: 27.01.2021 10:58
Sist oppdatert: 08.03.2021 11:14