Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
UNDER BAKKEN: Norva24 har spesialiserer seg på vedlikehald av infrastruktur under bakken. Foto: Norva24
Nytt

Børsdagen: God start for Norva24

Opp 60 prosent sidan botnen i november 2023.

22.01.2024

Aksjekursen til Norva24 er opp nesten 21 prosent hittil i år. Men oppturen starta allereie i november 2023, då kursen i selskapet som spring ut industrimiljøet i Stryn, nådde sitt hittil lågaste nivå sidan selskapet blei børsnotert - 17,80 kroner aksjen.

Då hadde kursen falle frå 36 kroner aksjen, i rykk og napp heilt sidan slutten av januar 2023. Med dagens kursoppgang på 7,10 prosent, til 28,65 kroner aksjen, er Norva24-kursen tilbake på nivået frå april i fjor.

Norva24 har spesialisert seg på vedlikehald av infrastruktur under bakken. Aksjen er notert på børsen i Stockholmog selskapet driv verksemd i fleire land, med Noregs som største marknad. Hovedkontoradressa er Stryn.

Norva24 vart børsnotert i desember 2021. Då var kursen 31,40 kroner aksjen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,64 11,54 %
Norva 24 Group* 28,65 7,10 %
Havila Shipping 5,29 2,32 %
Sparebanken Møre 84,62 0,86 %
Hexagon Purus 8,81 0,46 %
Hexagon Composites 24,64 0,33 %
Havila Kystruten 0,73 0,00 %
Endúr 41,90 0,00 %
Atlantic Sapphire 1,55 -0,39 %
Salmon Evolution 6,70 -0,59 %
Hav Group 12,55 -1,18 %
Golden Energy Offshore Services 1,36 -1,31 %
Arctic Bioscience 10,35 -1,43 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,10 -1,59 %
Hofseth Biocare 2,60 -1,89 %
* Kurs i SEK

Publisert: 22.01.2024 17:06

Sist oppdatert: 22.01.2024 17:45

Mer om