God start på makrellfisket
1000 tonn på veg til lands frå ringnot, og godt fiske for kystnot og dorgarar.
- Dette er ein vinn-vinn-situasjon både for oss og båtane.
Det seier dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic etter at det har vore godt makrellfiske for både kystnot og dorgarar hittil i august.
Det er fleire år sidan ein betre start på sesongen.
Viktig produksjon
Hittil torsdag har kystnotbåtane Storholm, Austbris og Kavholm meldt inn nye fangstar til levering i Fosnavåg. Fangstane er frå 15 til 40 tonn.
I tillegg har Pløy meldt inn 45 tonn NVG-sild.
Aasen seier at det gode makrellfisket nær land fører til at selskapet får meir produksjon i periodar der det vanlegvis er meir stilt.
- I tillegg får båtane tatt kvotene sine.
Stor interesse for fangstane
Også makrellfisket for ringnotflåten kome i gang etter at mange har hatt sommarpause.
Siste to døgna er det meldt inn vel 1.000 tonn nær Smutthavet.
Libas har meldt inn 190 tonn, Østbris 150 tonn, Selvåg Senior 260 tonn, Rogne 225 tonn og Fiskebas 180 tonn.
Sildelaget opplyser at det er 11-12 fartøy i området, men fleire er på veg.
Det er også meldt om stor interesse for fangstane, som vert leverte frå Trøndelag til Møre.
Samla kvote for ringnotgruppa er 204.794 tonn, og det er hittil innmeldt berre 3.072 tonn.
Publisert: 11.08.2022 15:15
Sist oppdatert: 11.08.2022 15:09