God tilstroeyming av norske hotellgjestar
OPNING: Geiranger Hotell opnar i midten av juni. Det fyllest no opp med norske gjestar etter at alle dei utanlandske forsvann.
Nytt

God tilstrøyming av norske hotellgjestar

Geiranger Hotell opnar på nytt dørene i midten av juni etter ein verst tenkeleg start for dei nye eigarane.

06.05.2020
- Det starta veldig bra. Ved nyttår hadde vi eit belegg på heile 87 prosent for heile sommaren. Så slo koronapandemien til, og alle gjestane forsvann.
Det seier direktør Günther Dahler ved Havila Hotels.
Sævik-familien bak Herøy-selskapet overtok hotellet i Geiranger ved nyttår etter at Maud og Tore Sævil Haldorsen frå Bergen selde seg ut etter å ha drive hotellet i 30 år.
- Vi kunne ikkje fått ein verre start, men vi har framleis stor tru på at dette var ei rett satsing, seier Dahler.

150 rombestillingar sist helg

Hotellet har 150 gjesterom fordelt på to bygg. I midten av juni er planen å opne eine delen med 75 rom.
Dahler seier at det er god tilstrøyming av gjestar, alle norske.
- I helga fekk vi 150 rombestillingar.
- Berre i dag har vi fått over 30 nye bestillingar. Det rullar bra på.

- Ein annaleis sommarsesong

Planen er å halde hotellet ope ut september, i første omgang.
Dahler rosar den faste staben på tre som har snudd seg rundt og laga konsept som er godt tilpassa individuelle norske reisande.
- Det vert ein annaleis sommarsesong i Geiranger, men alt tyder på at det også vert ein fin sesong.
- Dei som står bak butikkar og ulike aktivitetar kjem til å halde ope som før.

- Kan vere bra

Han trur også at eit nytt fokus kan vere bra for Geiranger.
- Her har ein vore van med store grupper av utanlandske turistar og aller mest cruiseturistar. No får ein i staden nordmenn som reiser individuelt.
- Med tanke på å få eit meir berekraftig reiseliv kan dette vere bra både for turistane og Geiranger, seier Dahler.
Han viser til at norske turistar i snitt legg att mykje meir enn det cruiseturistar gjer.
- Utfordringa no vert å ta så godt vare på våre norske gjester at dei kjem tilbake også neste år og seinare, seier han.
Geiranger Hotelldrift hadde eit godt år i 2019 med ei omsetning på 32,4 millionar kroner, vel ein million meir enn året før.
Resultatet før skatt enda på 3,6 millionar, opp frå 3,2 millionar i 2018.
Med tanke på å få eit meir berekraftig reiseliv kan dette vere bra både for turistane og for Geiranger

Publisert: 06.05.2020 16:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56