Kongsfjord er den første trålaren til Lerøy Havfisk som er utstyrt for å lagre fangsten ombord, før den blir slakta. Lerøy Havfisk overtok båten frå Vard i februar i år, og både i februar og mars blei det nye levandelagringsanlegget testa.
Erfaringane er gode, i følgje selskapet.
"Særlig gledelig er det å kunne konstatere at investeringene som ble gjort for å heve fangstens kvalitet fungerer", skriv Lerøy Havfisk-eigar Lerøy Seafood Group om erfaringane frå Kongsfjord i kvartalsrapporten for første kvartal 2020.
Administrerande direktør Webjørn Barstad i Lerøy Havfisk seier levandelagring er meint brukt på fiskeslag som lever på grunt vatn, torsk, sei og hyse. Til hausten skal Kongsfjord på ny i fiske etter desse fiskeslaga. Innan då er målet å ha justert anlegget basert på dei første erfaringane og ta ombord forskarar for å gjere meir nøyaktige vurderingar av korleis levandelagring fungerer og kvaliteten på fisken er.
Lerøy Havfisk har i dag 10 fiskefarty.
Større fangstar og høgare prisar auka inntektene og resultatet i første kvartal, samanlikna med 1. kvartal 2019.
Lerøy Havfisk eig og foredlingsselskapet Lerøy Norway Seafoods. Til saman utgjer dei villfangst-segmentet i Lerøy Seafood Group, som er eit av dei største oppdrettselskapa i Noreg.
Erfaringane er gode, i følgje selskapet.
"Særlig gledelig er det å kunne konstatere at investeringene som ble gjort for å heve fangstens kvalitet fungerer", skriv Lerøy Havfisk-eigar Lerøy Seafood Group om erfaringane frå Kongsfjord i kvartalsrapporten for første kvartal 2020.
Betre kvalitet
Ideen bak levandelagring er at kvaliteten på fisken blir betre om den blir lagra levande i tankar etter at den er heist ombord i båten, før den blir slakta.Administrerande direktør Webjørn Barstad i Lerøy Havfisk seier levandelagring er meint brukt på fiskeslag som lever på grunt vatn, torsk, sei og hyse. Til hausten skal Kongsfjord på ny i fiske etter desse fiskeslaga. Innan då er målet å ha justert anlegget basert på dei første erfaringane og ta ombord forskarar for å gjere meir nøyaktige vurderingar av korleis levandelagring fungerer og kvaliteten på fisken er.
Nye båtar
Barstad vil ikkje utelukka at det kan byggast inn anlegg for levandelagring av fisk i Havfisk sin nyare båtar, men seier det er mest sannsynleg av levandelagring blir tatt i bruk i framtidige nybygg.Lerøy Havfisk har i dag 10 fiskefarty.
Større fangstar og høgare prisar auka inntektene og resultatet i første kvartal, samanlikna med 1. kvartal 2019.
Lerøy Havfisk eig og foredlingsselskapet Lerøy Norway Seafoods. Til saman utgjer dei villfangst-segmentet i Lerøy Seafood Group, som er eit av dei største oppdrettselskapa i Noreg.
Publisert: 14.05.2020 15:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57