Godt Axxis nytt
SEISMIKK: Havila Aurora er eitt av to Havila Shipping-skip som gjer nodeseismikkoppdrag for Axxis Geo Solutions. No får Havila Aurora meir arbeid.
Nytt

Godt Axxis-nytt

Seismikkselskapet får meir arbeid i Midt-Austen. Det er godt nytt også for Havila Shipping.

19.03.2020
Det sunnmørsdominerte nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions opplyser at eit oppdrag i Midt-Austen er utvida.
Selskapet har sidan nyttår gjennomført nodeseismikk på egyptisk side av Suez.
No har oppdragivarane gitt Axxis beskjed om at oppdraget er forlenga med totalt sju fartøymånader, og vil halde fram inn i andre kvartal i år.

Styrkar innteninga

Axxis har hatt store økonomiske problem, delvis på grunn av at dette oppdraget først vart utsett.
No opplyser konsernsjef Lee Parker at forlenginga styrkar innteninga og profitten.
Han slår også fast at selskapet sine sikre og effektive operasjonar styrkar sjansane til å få nye oppdrag.

Intensjonsavtale

Selskapet har også signert ein intensjonsavtale om eit oppdrag i Nordsjøen til sommaren, og at forlenginga av opdraget i Midt-Austen styrkar arbeidskapitalen.
Axxis har vore av dei store børstaparane siste året. Børsen prisar no selskapet til rekordlave 30 millionar kroner.

Havila-arbeid

Havila Shipping har dei to PSV-ane Havila Auroa og Havila Fortune i arbeid for Axxis. I ei børsmelding torsdag opplyser Havila at Axxis har forlenga avtalen for Havila Auroa til slutten av mai og for Havila Fortune til midten av juni.
Det er i tillegg ytterlegare tre månader opsjonar for begge fartøya.
Havila Shipping opplyser i tillegg at selskapet har inngått kontrakt med eit britisk oljeselskap for PSV-en Havila Borg for ein periode på 40 dagar med opsjonar.

Publisert: 19.03.2020 09:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54