Christina E herøybrua
SILD: Christina E med fangst på 1.720 tonn nordsjøsild. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Godt fiske - stor verdiauke

Det gode fisket etter nordsjøsild held fram. Verdiauken på sildeeksporten er på 173 prosent frå i fjor.

03.06.2022

Trass i at det foregår eit overraskande godt fiske etter nordsjøsild så tidleg i sesongen, er det eksport NVG-sild (norsk vårgytande sild) som er hovudforklaringa til at sildeeksporten nådde nye høgder i mai.

Totalt eksporterte Norge 16.100 tonn sild til ein verdi av 302 millionar kroner i mai, viser ferske tal frå Norges Sjømatråd.

Verdien auka med 192 millionar kroner, eller 173 prosent, samanlikna med fjoråret.

Ettertrakta matjesild
Fryst NVG-sild var det største eksportproduktet med 5.900 tonn, der Egypt åleine importerte 4.500 tonn.

Men dei auka fangstane av nordsjøsild bidrog også, spesielt den godt betalte matjessilda, som spesielt er ei delikatesse i Nederland.

Norges Sjømatråd opplyser at i mai i år ble vart det eksportert 1.600 tonn fryst heil sild til Nederland, mot berre 450 tonn i mai i fjor.

Gode fangstar
Det gode fisket held fram, og fleire båtar frå Nordvestlandet har hatt gode fangstar siste dagane. Blant anna skal Herøy-båten Christina E levere 1.720 tonn til Pelagia Egersund, medan ein annan Herøy-båt, Kings Bay, skal levere 1.500 tonn til Pelagia Egersund.

Ålesund-båten Gunnar Langva ligg no ved Tripleline Vedde og lossar 700 tonn.

Alle desse skipa leverer nordsjøsild til oppmaling.

Ei svekking av den norske krona og auka matvareprisar gir silda eit løft sidan ho er ei rimeleg proteinkilde
Jan Eirik Johnsen

Kronesvekking gir løft
Jan Eirik Johnsen, ansvarleg for pelagiske artar i Norges sjømatråd, seier at silda følgjer andre fiskeslag oppover i pris.

- Ei svekking av den norske krona og auka matvareprisar gir silda eit løft sidan ho er ei rimeleg proteinkilde.

- I Tyskland aukar konsumet av sild igjen. I april var konsumet 3,3 prosent høgare enn same månad i fjor, og 13 prosent høgare enn i april 2019, seier Johnsen.

Gode makrellprisar
Samstundes vert det meldt om svært gode makrellprisar, sjølv om ein er inne i lavsesong.

For heil fryst makrell under 600 gram var snittprisen på heile 18,45 kroner per kilo i mai, ein auke på 26 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Jan Eirik Johnsen opplyser at dei asiatiske marknadene dominerer makrelleksporten.

- Mange land i regionen har hatt koronarestriksjonar lenger enn i Europa, og ei gradvis fjerning av desse har ført til auka etterspørsel i hotell-, restaurant- og kantinesegmentet.

- I tillegg har ein del land hatt ei svak utvikling på eigenfangst, noko som har gitt høg etterspørsel, seier Johnsen.

Publisert: 03.06.2022 09:38

Sist oppdatert: 03.06.2022 13:06

Mer om