Norgesvinduet Bjørlo foto Ogne
NORDFJORDEID: Norgesvinduet Bjørlo sysselsette i fjor 115 årsverk. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Godt fjorår for familiebedrift

Nordfjordeid-selskap med høgaste omsetning sidan starten.

09.05.2023

Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid sette omsetningsrekord i fjor, med 246,1 millionar kroner i inntekter. Resultatet før skatt enda på 13,7 millionar kroner, og dei to siste åra har vore svært gode for den familieeigde bedrifta.

(saka held fram etter tabellen)

Norgesvinduet Bjørlo
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 246,1 234,9
Driftsresultat 13,8 19,1
Resultat før skatt 13,7 18,7

Skjerpa konkurranse
Selskapet har historie heilt tilbake til 1918 og vart starta opp av brødrene Bjørlo. Det er framleis Bjørlo-familien som eig selskapet, saman med Roald Starheim, og der ein frå 1991 har vore med å utvikle og produsere H-vindu.

Frå og med 2016 har omsetninga vore over 200 millionar kroner, men styret skriv i årsmeldinga at det er hard konkurranse frå utanlandske aktørar, i tillegg til at innanlandsmarknaden viser ein fallande trend.

Fleire kvinner
Norgesvinduet Bjørlo er ein stor arbeidsplass på Nordfjordeid, og hadde 115 tilsette ved årsskiftet. 33 av desse var kvinner, og andelen er aukande. Selskapet hadde også fire lærlingar.

Den samla eigenkapitalen er på 21,0 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 7,6 millionar.

Roald Starheim er største aksjonær med 50 prosent av aksjane, medan Trude Bjørlo eig 25 prosent og Grete Bjørlo og Bente Bjørlo Bleie kvar eig 12,5 prosent.

Publisert: 09.05.2023 12:00

Sist oppdatert: 09.05.2023 11:42

Mer om