Godt hotellaar men tapte paa Hoven Restaurant
LOEN: Godt nytt år for Hotel Alexandra-konsernet og hotelldirektør Richard Grov.
Nytt

Godt hotellår - men tapte på Hoven Restaurant

Hotel Alexandra-konsernet auka omsetninga i fjor, men tap på drifta av Hoven Restaurant trekte ned.

03.07.2019
Tapa på Hoven Restaurant var på 1,7 millionar kroner av ei omsetning på 15,1 millionar kroner.
I årsrapporten frå styret vert det vist til at dårleg vêr utover hausten gav ei lågare omsetning enn venta.
På den positive sida kjem at drifta av restauranten på toppen Hoven gir eit svært attrativt tilbod til dei samarbeidande selskapa, ikkje minst for Hotel Alexandra.

God hotelldrift

Loen-konsernet omsette i fjor for 229,5 millionar kroner, opp frå 181,5 millionar kroner året før.
145,9 millionar kjem frå drifta av Hotel Alexandra, medan 21,2 millionar kroner kjem frå drifta av Hotel Loenfjord.
Det siste hotellet hadde eit resultat før skatt på 2,3 millionar kroner i fjor, medan resultatet før skatt på Hotel Alexandra var på 56,6 millionar kroner etter ekstraordinære finansinntekter.

8.004 gjekk Via Ferrata

I tillegg ligg Loen Active, Loen Eiendomsselskap og FA-LS Holding under konsernparaplyen.
Loen Active står for ei rekkje fritidsaktivitetar, blant anna turar i Via Ferrata, der det vart registrert 8.004 turar i fjor.
I FA-LS Holding ligg blant anna eigarskapen i Loen Skylift, og her mottok konsernet eit aksjeutbyte i fjor med 6,5 millionar kroner.

115.575 tok Loen Skylift

Heile 115.575 personar tok Loen Skylift i fjor, ein auke på 23.520 personar frå året før.

På Hotel Alexandra var det i fjor 81.004 gjestedøgn, medan det var 27.183 gjestedøgn på Hotel Loenfjord.
Heile 76,7 prosent av gjestane på Hotel Alexandra kom frå Norge, medan 8,0 prosent kom frå USA.

206 rom

Konsernet har i fjor oppgradert Hotel Alexandra, blant anna med ny energisentral der målet er å redusere bruken av fyringsolje.
22 gjesterom er renoverte, 12 bad er renoverte og det er bygt ny korridor i andre etasje.
Det er også på gang ei større ombygging av Fjordsalsområdet, og det er bygt tre nye gjesterom slik at total romkapasitet no er på 206 rom.

Auka MVA

For hotelldrifta utgjorde auken frå 10 til 12 prosent i meirverdiavgift på utleige av rom ein nedgang i netto omsetning på 1,3 millionar kroner.
Konsernet har ei samla gjeld på 408 millionar kroner.
Hovudaksjonær er Grov-familien med 34,9 av aksjane, og der hotelldirektør Richard Grov er største enkeltaksjonær.
Nest største aksjonær er Fondsavanse med 7,03 prosent og tredje størst Sparebanken Sogn og Fjordane med 6,51 prosent.

Publisert: 03.07.2019 15:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36