Godt nytt fraa Portugal
BACALAO: Eit portugisisk ektepar kjøper ein heil norsk klippfisk ved denne butikken i Cascais, får fisken skoren opp i passelege bitar og tek fisken deretter heim for å leggjast i vatn før tilbereding til bacalao. Portugisarane et stadig meir klippfisk, og det meste kjem frå klippfiskeksportørar i Ålesund.
Nytt

Godt nytt frå Portugal

I Portugal tek appetitten etter norsk torsk ingen ende. Det er godt nytt for sunnmørske klippfiskprodusentar.

19.04.2018
- Norsk klippfisk er synonymt med kvalitet, og dei aller fleste vil framleis ha klippfisken heil. Men vi ser også at stadig fleire av dei yngre konsumentane vil ha ferdig utvatna klippfisk i porsjonspakningar.
Det seier Johnny Thomassen, Sjømatrådet sin fiskeriutsending i Portugal.
Ingen et meir torsk enn portugisarane, og det aller meste er klippfisk som går til bacalao.
Siste tala viser at portugisarane konsumerer årleg 65.000 tonn klippfisk, noko som utgjer rundt 6,5 kilo per innbyggjar.

Det meste kjem frå Ålesund

Omgjort til fersk torsk et kvar portugisar rundt 20 kilo torsk i året.
Halvparten av klippfisken kjem frå Norge.
- Det meste kjem frå tre klippfiskeksportørar i Ålesund, seier Thomassen.
Medan klippfiskeksporten til Brasil kjem frå både torsk, lange og brosme, er det berre torsken som gjeld i Portugal.
- Portugisarane har ei klar oppfatning om korleis klippfisken skal smake og sjå ut.
- I tillegg er regelverket strengt. Ein må ha spesiell godkjenning for å få lov til å arbeide med torsk, seier Thomassen.

Dei yngre vil ha det enklare

Mellom anna seier regelverket at det maksimalt skal vere maksimalt 47 prosent vassinnhald i klippfisken.
- I Portugal er klippfisk minst like viktig som fotball, seier Thomassen.
Medan fiskekonsumet har gått dramatisk ned i Norge dei siste åra, er det ikkje noko som tyder på at konsumet av bacalao vil gå ned i Portugal, men den yngre generasjonen vil ha det litt enklare enn eldre klippfiskkjøparar.
- Dei aller fleste kjøper framleis klippfisken heil, får fisken skoren opp i passelege bitar, og legg så fisken til utvatning.
- På denne måten må ein til dømes kjøpe klippfisken torsdag når ein planlegg å lage bacalao på søndag, seier Thomassen.

Fryst torsk aukar

Men yngre konsumentar har ikkje så god tid, og er heller ikkje så gode til å planleggje middagsinnkjøpa.
- Difor er det auka sal av ferdig utvatna porsjonsinnpakningar av klippfisk, slik at ein kan kjøpe fisken same dag som ein serverer middagen.
Thomassen trur at denne trenden vil halde fram, noko som ferske tal frå 2018 kan tyde på.
- Det er ein jamnt stigande marknad for fryst torsk, som no representerer 14 prosent av det samla konsumet.

Vil vite meir

Thomassen trur likevel ikkje det på kort sikt vil få negative konsekvensar for sunnmørsk eksportindustri.
- Nei, sunnmørske eksportørar er uansett konkurransedyktige, men ein bør merke seg desse endringane i forbruksmønster.
- I tillegg er det aukande fokus på miljø og berekraft, der stadig fleire konsumentar vil vite meir om kvar og korleis fisken er fanga.
I Portugal er klippfisk minst like viktig som fotball

Publisert: 19.04.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21